Musikk til helgestart: The Shins/Morrissey (1)
Sjokolade: Kina i skåpet/Domori Porcelana i kjaken.. ah! (2)
Vin til kvelden: Gattinara 2001, Italia/Bourgogne Pinot Fin 2004, Frankrike (3)
Helgelesestoff: Dag og Tid/Samtiden nr1, 2007 (4)
Noter:
1. Plata Wincing the night away er The Shins si nyaste, og finfin å låne øyra til. Morrissey høyrde eg på Øya-festivalen i fjor sumar og frå den siste plata, Ringleader of the tormentors, er det nokre fine songar med polemiske broddar i fleng.
2. Sjokoladen Porcelana (70 % kakao) frå den vesle produsenten Domori er laga på kakaobønner frå plantasjen San José på halvøya Paria aust i Venezuela. Opprinneleg fann Domori denne sorten i Andesregionen i Venezuela og har poda nye kloner på plantasjen sin i Paria. Sjokoladen har den karakteristiske voksaktige teksturen til Domori, som kan skuldast svært kort konsjetid.
3. Desse to vinane har eg drukke nokre gongar før, med hell. Gattinara-en kjem på ei spesiell flaske designa av produsenten (Travaglini) i 1959. Produsenten bak Bourgogne Pinot Fin er Robert Arnoux, som har dei fleste av vinmarkene sine i kommunen Vosne-Romanée. Vinmakar er svigersonen Pascal Lachaux.
4. Dag og Tid kom denne veka på fredag. (Takk Posten BA). Ragnar Hovland skriv på innsida til dømes om countryrock. Samtiden er komen i ny bunad og eg samanliknar han med ein blanding av rettleiinga til sjølvmeldinga og norskboka Slik skriv vi, som eg brukte på barneskulen på åttitalet.
Legg att eit svar