Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2010

2010, eit romjulsbrev

Ah, skrikarungane i seng, og pinnekjøtet fortært. Servert på tradisjonelt vis, men med ein streng riesling til. Breuer Rauenthal Estate 2004. Ein forholdsvis enkel vin, men så er det også enkle sjeler som drikk han. Syre og stål, med ein diskret aprikossødme. Ok, tid for oppsummering. 2010. Svært lite på konsert-, film- og litteraturfronten. I og eg var på kino i lag i sumar og såg Ein ganske snill mann. Så har det blitt nokre vinrelaterte bøker (he he, kven skulle trudd): Liquid memory, Jonathan Nossiter, Wine and war, Petie and Don Kladstrup, Rheingold, the german wine rennaisance, Owen Bird, Genier ved grytene, Anthony Blake og Quentin Crewe. Fekk også med meg Gunnar Stålesen si siste om Varg Veum, Vi skal arve vinden. Sjølvsagt mykje bra vin i år også. Verkeleg mykje bra.

Årets beste: Richebourg 2001, Anne Gros, i hyggjelig selskap.

Årets beste kvitvin (som eg nok allikevel aldri kjem til å kjøpe, med mindre eg plutselig går veldig opp i løn): DRC Montrachet 2007

Årets «yngste»: Clos de la Coulée de Serrant 1977. 1999 smakt ved sida av er sliten i forhold. Månesjuke?

Årets over evne: Etter ein lang dag på jobb opna eg Chateau de Fonsalette Rouge 2002 i hyggjelig selskap. Overraska veldig positivt. I 2002 kom det så mykje regn i Chateauneuf-området, at sjølv folk på Takle (Noregs våtaste værstasjon) hadde blitt imponert. Vinen var elegant og rustikk på ein gong. Og med frukt.

Årets suprise: Ein kveld står det plutseleg tre franskmenn som vil kike i kjellaren. Ein frå Jura, ein frå Alsace og ein frå Loire. Vi smakar mellom anna Patrick Baudouin Maria Juby Vin de Table (2002). Kjempevin.

Årets surrealistiske: Blir servert pølse med brød og Nonnenberg 2004 på kjøkenet av den ferske norgesmesteren i kokkekunst. Hektisk dag på jobb, med hyggjelig avslutning. Så var det vidare på Leroy Vosne-Romanée 2004, årets «oransjevin».

Trudde eg hadde avgrensa kjøpet av bøker på amazon etc i år, men i årets siste månad kom det ein del brune pakkar i posten..

Årets reingjeringsjobb: Dekanterte (og helte tilbake på flaskene) 30 flasker Ch. Lascombes 04 og 15 flasker Niepoort VP03, før Osa-middagen.

Fine jento, fine more.

I dei blindes rike er to einaugde eit radarpar.

Reklame

Read Full Post »