Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2006

Legokatalogen 2006

Ã…rets katalog er lik fjorårets i formgjeving. I tilleg til produkt er det nokre sider med info om www.lego.com og Legoland som no finst mange land. Det som er heilt nytt i år er ein serie som heiter EXO-FORCE, og er inspirert av japansk Manga-teikneserie. Det er menneska mot nokre vonde robotar på eit fjell. Dei ymse maskinene er ein slags mix av Star-Wars-lego, Bionicle og Transformers. Vi har vore inne på Bionicle, og her er det ein ny serie. Samarbeidet med Ferrari går truleg fint, for i år får vi ein modell av den nye F430 Spider i om lag 1:17 skala. Det er også ein ny Formel 1 Ferrari i 1:8 og i 1:24 er det eit pit stop-sett og litt anna smånytt.
Etter temmeleg mange år er det i år duka for ny flyplass, og denne gongen kjem det også eit digert passasjerfly som er 58cm langt! I City-serien kjem det eit nytt sjukehus og redningshelikopter. Det er altså stort som gjeld i år. I den gule «anleggsserien» som byrja i fjor kjem det i år ein heisekran på 67 cm og ein lastebil som fraktar bruspenn, og denne er heile 93 cm. Det er kome eit nytt fotballspel, men det er den same teknikken som har vore brukt på tidlegare spel. I Technic kom det ein del nye store sett i fjor, og i år er det berre tre små. To traktorara og ein 4-hjuls motorsykkel.
Ettersom det no er ei stund sidan Star-Wars vart avslutta med Episode 3, er dei nye Lego-setta frå dei tre «klassiske» Star-Wars-filmane. Det er kome ny B-Wing, ny Slave 1 ™, ny TIE Interceptor ™, og Jabba’s Sail Barge ™. Sett #6211 er ein Imperial Star Destroyer ™ til 1099 kroner. Det er derimot ein kjip liten versjon av sett #10030 som var Lego sitt største sett nokon sinne med finfine 3104 legoklossar inkludert! Dette ser det ut til at framleis berre er til sals på Lego.com, som ikkje nordmenn enno kan nytte seg av.

Litt keisam katalog i år, fjorårets var ein god del betre. Vi får vente på neste paradigmeskifte..

Reklame

Read Full Post »

Sidan kona skulle på helgetur til Tromsø å vitje Ã…got med påfølgjande kurs måndag og tysdag, tenkte eg at det ville verte stusseleg å vere attende i Hammerfest, så eg slengde meg med. Reiste frå Hammerfest klokka 13 med Hurtigruta «Narvik» og kom fram til storbyen litt over midnatt. Fekk lese ut heile «Ut og stjæle hester» av Per Petterson. Fin bok! Men når ein ikkje har så mykje anna å ta seg til går det sanneleg unna ei bok på ein kveld! På vegen attende må eg få tak i ei ny bok. I dag har eg vore i byen og handla litt sjokolade skinke på ein delikatessebutikk og vore på kafé med «Polarbear» og ete og prata sjokolade. Ah, Tromsø er ein herlig by! I kveld vert fyrst kino og seinared rypemiddag med Amarone Domini Veneti 2001 frå Cantina Negrar. Ah, endeleg litt Amarone! Det er om lag 0 garder og nesten ikkje snø, medan bestemor til Ingeborg melder om ein og ein halv meter og minus ti i Arendal!

Read Full Post »

I dag sykla eg heim for fyrste gong på lenge! Det har vore ei veke med liten storm motvind, og då har eg late sykkelen vere att på hotellet og teke bussen. Det var litt glatt, men det vert truleg sykkel i morgon også.

Read Full Post »

Det er med stor skuffelse eg ser på vermeldinga på NRK at det ikkje er noko sterk storm eller orkanstyrke i meldingane for Vest-Finnmark. (Ã…, hadde vi hatt TV2!) Det er riktignok kaldt ute og det blæs vel liten storm konstant, men dei store farene ser ut til å fare utanfor våre farvatn. Vi får bekymra tekstmeldingar frå familie og vener sørpå, men vi har framleis straum og her nede i vår kjellarleiligheit er det ikkje så mykje som kan skje, for vinden tek på andre sida av huset. Bilen er framleis like heil. Hadde vinden kome rett vestfrå hadde det kanskje gått ei rute, men han ser ut til å halde fram med å puste frå sør. I dag hadde eg fri og Ingeborg kjem seg ikkje på arbeid for ferja går ikkje. Vi tenkte at vi då kunne unne oss ein finfin fiskemiddag med litt Chablis 1. cru Montmain 1998 frå Caves Duplessis.


Vi fekk også innvia dei nye Chablisglasa frå Riedel. Funka fint dei!

3 kilos kveite til venstre, mi kveite til høgre..

Ingeborg hadde fått kjøpt ei trekilos kveita av han Edvin, og det vart til posjert kveitefilet med raud smørsaus, blomkålpuré og gulrot allumettes. Etter middag vart det dei siste episodane på Sopranos-DVDen.

Read Full Post »

Liten, full og sterk

.. og med orkan i kastan. Eg snakkar om vinden her i Hammerfest. Han er sterk og tek med seg ymist som knuser ruter og bilar. Men vi held oss innandørs og har både lemmer og innbu i heil stand. I morgon har eg fri, og det passar fint. Vi har framleis nokre episodar av Sopranos att og eg har byrja på Kari Hotakainen si bok På hjemmefronten. Kona har vore på biblioteket og lånt DVD-ar og i boden ligg det nokre flasker vin, blant anna ein Chablis frå Gérard Duplessis. Og skulle vi ikkje kome oss på butikken dei næraste vekene, så har eg vel ein 70-80 kg mørk sjokolade i skapet å tære på. Ingen fare der altså…

Read Full Post »

Vi har fått besøk frå sør og feira bursdag med coq au vin på tallerken og Spätburgunder «B» 2002 frå Georg Breuer i glaset. Vinen vart kjøpt hjå Breuer i Rüdesheim på interrail sumaren 2004. Vinen har ein fin raud farge, men ikkje så «tett», slik pinot noir ofte er. Fin nase med raude bær, kokte rotgrønsaker, noko animalsk og litt sopp. I munnen er det fin fylde og syre, men «midtstykket» er litt tynt. Grei lengde.

Når vi drikk denne fine pinot-en, klikkar eg innom dn.no og ser at den strenge men generøse Aubert de Villaine «sponsar» ein middag på Annen Etage på Continental med følgjande toppvinar frå sin eigedom Domaine de la Romanée-Conti (DRC): Montrachet 1991 og 2000 (frå magnum), Echezeaux 2001, Grands Echezeaux 2000, Romanée-Saint-Vivant 1999, Richebourg 1996 og La Tâche 1990.

Desse vinane til DRC er så sjeldne og dyre at dei diverre er meir brukt som investeringsobjekt enn drikke. Men så har dei i gode år eit lagringspotensiale på 20-50 år.

Ok, dette seier deg kanskje ikkje så mykje, men det vil vel vere som å få prøvekøyre Ferrari Testarossa, Porsche 911, Mercedes SLK, BMW M5, Volvo P1800 og rakettane til NASA!

Read Full Post »

Jubileum

Ja folkens, i dag har eg bursdag!!

Og eg vert visst 27 år. Det høyrest ganske mykje ut, men mor mi kan sikkert seie i frå om det ikkje stemmer. Eg har alt fått eit Pondusblad og litt chips til å kose meg med på føremiddagen. I kveld skal eg på jobb, så det vert feiring til helga.

Read Full Post »

Jula i bilete

Det var faktisk fint ver i Førde denne jula. Kaldt sjølvsagt, men fint.


Kona, ein bekk og minusgrader


Halbrendsnipa i fokus


Halbrendsnipa ute av fokus


Tre er en for mye!


Hm.. Kanskje eg skal prøve vidvinkel neste gong. Nyttårsafta i Wolffs gate


Ein gift mann, ei gift kvinne og kaffi og wienerbrød

Read Full Post »

Etter to månader med jul, kjem januar som ein tung bakrus med vekeblad fulle av slankestoff og uoverkommelege nyttårsforsett. For venstrefolk og andre måtehaldne menneske er ikkje dette noko tema, og me kan ture fram som me pleier.

Januar ber også med seg noko å gle seg til; nemleg nye katalogar. Eg innrømer at eg i dag før arbeid var ein tur på polet og fekk meg den nye bestillingslista. Sjølv om det er ei stund sida eg sist kjøpte noko lego, ventar eg kvart år i spaning på den nye legokatalogen. Røynsle seier meg diverre at han truleg ikkje kjem før uti februar. Andre katalogar eg (tidlegare) venta på er; Cannondale-katalogen, Abu-Garcia og DBS.

Dersom du no vart rett så nostalgisk og går ein tur på loftet for å finne fram dei gamle legoklossane, kan du finne tidlegare Lego-katalogar på www.brickshelf.com.

Read Full Post »

Nyttår vart feira i Bergen, men fyrst fekk vi med oss På «an igjen, eit syngjespel av Jan Eggum med mange av songane hans, lett bundne saman av skodespel og dans. Broder F og Kenneth hadde sett stykket og var ikkje særleg positive, så forventningane var på botn. Men sidan eg likar songane til Eggum godt så var det ikkje så aller verst. Arild inviterte til storslått frukost i Skuteviken med horn, majo og to typar salami. På kvelden var det heilsteikt indrefilet med fløytegratinerte poteter og sjysaus hjå Andreas og Hedda på Møhlenpris. Det vart drukke raudvin frå Chile og Bourgogne. Kjetil hadde med konjakk frå Bache Gabrielsen. Resten av kvelden var vi på Gyldenpris med Sunnfjordingar og inngifte. På flyet attende til Alta las eg boka Tyl som eg fekk til jul. Heime venta Cd-en Welcome to Mitchigan the great lake state, som eg hadde fått i posten.

Det var ikkje mykje snø att her i Hammerfest, så eg kan framleis sykle til arbeid. Motvinden har derimot ikkje gitt seg..

Read Full Post »