I dag er det termin som det heiter. Men det er framleis ingen teikn til at ungen vil ut. Vi kan berre vente i spaning. I tillegg til å måke ut bilen, ete, sove og dei vanlige tinga.
Archive for januar 2008
Termin
Posted in Observert og klypt, Samfunn on januar 31, 2008| 1 Comment »
Old school og skanning
Posted in Fotografert, In vino veritas, Samfunn on januar 28, 2008| 11 Comments »
Ja ja, så skal verda ikkje stå til påske i år heller. Arildguten, kjend frå bloggen sin og frå Cafe Spesial i middagstider i nærleiken av blondiner og pizza, har no snudd 183 grader (eller vorte meir «nyansert»?). Film og emulsjonsnektaren gjer retrett og ønskjer no å fikle med CLE-en min og skanne og greier og greier. Vel vel. Eg har hatt skannaren ei stund utan noko nemnverdig resultat. Men no fekk eg det til. Her kjem eit par bilete frå sumaren, og turen til Tokaj.
Slike druer vert etter overmogning og hjelp frå soppen Botrytis Cinerea til..
.. slik vin i lekre flasker. Beggje bileta er frå eigedomen Disznókö.
Rockaren, ungdomen, pedalsnekraren og levemannen.
Posted in Musikk, Tant og fjas on januar 13, 2008| 1 Comment »
Eg vil gratulere bror min Frode så mykje med dagen! Han er for tida på vegen eller i lufta mellom konsertstader verda rundt med bandet Ungdomskulen. I går var dei i Galway i Irland, på tysdag er dei i Winston-Salem i North Carolina. Vidare går det til Chapel Hill, Greenville, Washington, New York, Allston, Providence, Ithaca, Toronto, Pontiac, Cleveland, Vienna, Philadelphia, Charlottesville, Atlanta, Athens, Charlotte, Hollywood, Los Angeles, Mannheim, Köln, Wien, Praha, Hamburg, Berlin, Stuttgart, Paris, München, Düsseldorf, Oslo, London, Manchester, Stirling, Aberdeen, Dundee, Derby, Tamworth, Swansea, Belfast, Wrexham, Coventry, Lincoln, Chatham og Southend. Innimellom skal dei også gjere åtte konsertar i Noreg, og det er meld at dei kjem til Alta! Det ser ikkje ut til at eg får sjå noko til bror min før til sumaren, men gåva skal vere i Førde, om han ikkje har teke ho med seg.
Sjølv om han no reiser verda rundt som rockstar, så har eg no klart å halde han tre år og ein dag bak meg, og det satsar eg på å halde fram med.
29..
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Fotografert, Samfunn, Tant og fjas on januar 12, 2008| 1 Comment »
Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at det ytre er i fritt fall, så sprengjer ungdomen innanfrå. Eg kunne sagt mykje om mine bragder til no i livet, men det vel ikkje så mykje som ikkje allereie er skrive i bøker og aviser.
Eg vil gjerne få gratulere Ray Manzarek, Haruki Murakami, Mel C, Amerie og Cato Zahl Pedersen med dagen!
Frå fjorårets feiring. Mel C og Murakami kunne ikkje kome då heller, pga tåke på Gardermoen.
Ærlighet går lengst
Posted in Observert og klypt, Tant og fjas on januar 9, 2008| Leave a Comment »
I dag såg eg ein lapp på oppslagstavla på Domus der det var ein bil til sals. Det er mykje ymse som vert slått opp på denne tavla. Sal av barnevogner, sofaer og vaskemaskiner. Bønemøter, basar og omreisande chip-tuning-service. Den mest spesielle lappen som hang der no var denne. Det var eit bilete av bilen halvt nedsnødd, og denne teksten:
Justy
1985 mod. Gått
laaangt. Noe småfiks
selges kr 3000,-
Tlf ————
2008
Posted in Fotografert, Samfunn on januar 1, 2008| 1 Comment »
Det nye året ligg der nakent og ubrukt. Eg har ikkje så mange forsett. Skal ta førarkort og bruke mindre fossilt brensel.. Ein liten time inn i det nye året såg det slik ut på himmelen mot vest.
Med atterhald om litt kamera-shake.. Det er jo ganske vindigt her til tider. 30 sek, f4,5 @ ISO400, JPG fine.