Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2008

Dette vert nok den siste postinga frå Rypefjord. I morgon reiser bilen, på torsdag går flyttelasset og fredag flyr vi. Leiligheita er fyllt opp med kassar og øskjer, og lausøyre flyt rundt i påvente av å kome i dei siste eggkassane. Om lag 23 banankassar er allereie fulle, og det vert ein god del fleire. I bilen vert det no stappa det vi er gode for.

På laurdag var vi ein tur på Seiland og var innom laurdagskaféen på butikken i Hønseby. Randi fekk også besøk og vi fekk kaffi og heimelaga kaker.

I dag var eg i Alta og fekk prøve meg på glattkøyringsbana, og det vart cruiseing over Sennalandet i 90 og vel så det. Eg køyrde ikkje på rein, men rett før Grøtnes køyrde eg nedi eit hol i asfalten og punkterte høgre bakhjul.. Så var det fram med jekk og greier. Køyrelæraren tok det heldigvis fint, han har nok til salt i grauten og vel så det.

Ingeborg og Aili tek ferja. Quiz: Kva bok av godt likt vestlandsforfattar vert det hinta til i bileteteksten?

Hønseby i mai.

Reklame

Read Full Post »

Ja, siste 17. mai her nord vart kald og våt, men vi held oss klokeleg innandørs det meste av dagen. Andre var ute og gjekk i tog i snøføyka. Ikkje har eg ete is heller. Men vi har så heldige å bli invitert til brunsj hjå Fredrik og Marte på Molla. Vi var så vidt komne inn døra før ein gynekolog på vakt serverte Lanson Gold Label 1996! Elles var det mykje godtfolk og god mat.

Smil, vink, snø og norske flagg

Godtfolk og god stemning

Fyrste 17. mai for Aili, nr 29 for far

Kald for togreisande i Hammerfest

Best å halde seg innandørs..

.. sjølv om Fredrik og Marte har kongebalkong

Over til Stian og Merete var det høg familiefaktor og sekkelaup i hagen

Og eggelaup i åttetalsløype

Eg fekk også vere med!

Fiskedam! Fiskedam!

Read Full Post »

Hadde besøk av H og A i helga, og sjølv om det var høgtid, var det på høg tid å legge om til sommardekk på bilen. Så A og eg fekk jobben gjort i ein fei, medan snøen lava ned. La også merke til at mønsterdjupna på bakdekka var farlig grunn. Vi må nok belage oss på eit lite utlegg til to nye dekk.. Så no snøar det tett, og vi har to dekk utan mønster. He he. Let’s hit the road! Kanskje er det tida for å lære seg brekksladd?

Read Full Post »

«Hurra! Det vart ja i uravrøystinga i LO for det framforhandla forslaget.»

«Men kva vil AFP-ordinga seie for meg når eg vert gamal?»

Read Full Post »

Endelig! No har det vore ei heil veke med sol og fineveir, snøen smeltar og våren er kanskje rett rundt svingen. (ein veit aldri her nord..). Om 15 dagar er det midnattsol og det er berre å leggje klar Mosel- og Chablisflaskene i kjøleskåpet. Eg kjem nok til å ta fram sumarjakka i laupet av dagen og vinterhua er bytta ut med solbriller og ipod.

I byen er det russ i alle fargar og vasspumpegevær større enn nokon gong. Det er raud mot oransje, svart mot raud, blå mot småungar og alle mot alle. Det er livsfarlig i gatene og butikkeigarane er vel sånn midt på treet misnøgde med heile greia.

På det personlige plan kan eg nemne at me flyttar sørover om mindre enn ein månad. Det vert nok rart og litt kjekt og, sjølvsagt. Dei som reknar seg som våre vener i Bergen ™ bør kjenne si besøkingstid og stille på Hurtigruteterminalen på Nøstet når lasset kjem.

Vi har hatt og skal ha mykje besøk, og eg begynner å bli litt lei confit de canard.. Elles har eg fått mms frå far min i bar overkropp på ei strand i det nordlige Italia. Meir er det ikkje å seie om det, utan at det vert psykologmat..

Read Full Post »