Archive for januar 2010
Kaldt
Posted in Fotografert, Samfunn on januar 26, 2010| Leave a Comment »
31..
Posted in Fotografert, Samfunn, Tant og fjas on januar 12, 2010| 2 Comments »
Ja, er no blitt ganske vaksen. Dagen er feira med sjølvlaga pizza og vener på besøk. Eg fekk krune i papp med namn og stjerner, fyrste gong sidan 1986. Takk for alle helsingar i ymse kanalar! No har Aili lagt seg, og det vert noko godt i glaset.
Jubilanten for eit par år sidan, litt lenger mot nord.
Yr? Ein kjempevits!
Posted in Observert og klypt, Samfunn on januar 11, 2010| Leave a Comment »
No seier målestasjonen i Voss sentrum at det er -23 grader. På yr.no melder dei at temperaturen på Voss frå klokka 14 – 18 skal vere -10 grader. Korleis ser dei for seg at temperaturen kan stige 13 grader på fem minutt er for meg ei gåte.
Eg trudde at litt av vitsen med å ha vervarsling på internett var at ein kunne oppdatere varsling undervegs, for slik å kunne melde eit meir korrekt ver. Med god gamaldags vermelding på på fjernsyn, kan jo versitusjonen endre seg ganske mykje til neste gong ein ser ei melding. No ser det ut som om alle vermeldarar som arbeider for yr.no har teke ut ferie i januar. Vonar dei har fint ver der dei er…