Daglegvarekjeden Coop, er i følgje reklamen, «litt mitt». Tydeligvis eig ikkje eg eller andre vossingar nok til at vi kan få nynorsk i butkkane her i nynorskkommunen Voss, det er vel viktigare å konkurrere på pris. Alikevel tek dei seg råd til nokre feite vendingar i omtala av eit magert produkt. Kanskje litt smør på flesk? Vel, ein kan ikkje gjere alle til laks.
Archive for oktober 2010
Newspeak
Posted in Fotografert, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas on oktober 22, 2010| 1 Comment »
Årets hummarmiddag
Posted in Fotografert, Gastronomi, In vino veritas, Samfunn on oktober 19, 2010| Leave a Comment »
Tre beist i år. Alle laut bøte for kniven. Ikkje like sprelske som dei i fjor, men like gode! Servert med olivenbrød og to typar majones frå eige kjøken. Agrapart Champagne Avizoise 2002 i glasa.
Mykje luft med berre 20 gram gjær.
Kor mange..?
Posted in Fotografert, Lettbeint tylen og i høg fart nedover, Samfunn on oktober 12, 2010| Leave a Comment »
Kor mange verktøy trengs for å skifte krank, lager, kjede og kassett? Ein heil del!
Gull i tennene! Ny hard tanngard, som vonaleg ikkje treng tannlækjar med det fyrste.
Over fjellet etter vin
Posted in In vino veritas, Samfunn on oktober 12, 2010| Leave a Comment »
Bollar og Bollinger!
Posted in Fotografert, Gastronomi, In vino veritas, Tant og fjas on oktober 2, 2010| Leave a Comment »
Smalahoveslepp på Vangen i dag! Aili og eg måtte nedom å handla litt, men det vart ingen hove i korga. Kva kom vi heim med? Bollar og Bollinger!