Det har vore stilt her på bloggen ei stund. Det var ikkje slik det var tenkt. Eg byrja å setje ein surdeig, og så skulle det postast suksesshistoriar frå kjøkenbenken. Men kjøkenbenkrealismen har inhenta meg. Det fyrste brødforsøket gjekk heller dårlig, og sjølvtilliten og lysta til å bake meir forsvann. Vel, no har eg ei friveke før jul, og går på att med friskt mot.
Dette brødet er vel det ein kan kalle minimalistisk. Mjøl, vatn og salt. Det er alt. Ok, det er jo surdeig i brødet, men surdeigen er berre mjøl og vatn som er rørt saman. Rugsurdeig, litt rugmjøl, kveitemjøl, vatn og salt. Eg har ikkje fått heilt i fingrane å bake med surdeig. Det er litt meir jobb enn med industrigjær. Deigen heva ikkje like fint som på bileta i bloggar og bøker, så det er noko som ikkje stemmer heilt. Men brødet skaut bra opp inne i omnen, og smaken var ikkje noko å seie på. Men det skulle ha vore litt meir luftig. Eg får prøve att. I og med at brødet vart godt og bakemessig ein betinga suksess, var det på sin plass å opne ein raud burgunder, utanom gjærbakst det beste menneskeslekta har klart å lage. Denne kjem frå Domaine Denis Mortet, ein Marsannay Les Longerois 2009. Ferskvare, men bevares så godt. Silkemjuk, intens, fruktig. Litt grov eik dei fyrste minutta, men så vert det så elegant og saumlaust etter kvart.
Legg att eit svar