Eg har avla ein surdeig. Han er altså berre tre dagar gamal, men sidan han ikkje er blitt brukt i sitt fyrste brød, så reknar eg ikkje han som fødd enno. Dersom han overlever fødselen, lurer eg på kva namn han skal få. Meir om det seinare. Framlegg vert motteke med takk. No er det i 2011 vanskeleg å byrje med surdeig, eller i allefall å blogge om det, utan å ha reflektert litt rundt grunnane til at ein byrjar med det.
I programmet Landet brunsås, eit program på svensk fjernsyn om svensk historie og sosiologi og samtid sett med maten som utgangspunkt (og frekk kamerabruk og morosame programleiarar), vert det hevda i sesong ein (som gjekk på nrk) at surdeigsbaking stort sett er noko menn, gjerne i «midtlivskrise», byrjar med. Fordi det er vanskelig. På lik line med å begynne å springe maraton eller sykle Birken, noko som inneber 15-20 treningstimar i veka. No på sundag var eg på Jessheim (!) og var tilskodar (!!) til eit maratonlaup. No skal det seiast at det var ein del av min svigerfars 60-årsfeiring, og at hadde eg ikkje måtte passe på døtrene mine, så hadde eg vel slengt meg på 10-kilometeren eg og. Men majoriteten av lauparane var (ok, fordomsfullt frå mi side) menn i mellomleiarstillingar i it-bedrifter, i 37-45-års alderen. Truleg i tidsklemma med kone, KithenAid kjøkenmaskin og 2,1 born. Hadde det ikkje vore for kona (som les aviser og vekeblad og er oppteken av #&!@%%!# lågkarbodiett) så kunne nokre av desse mennene kutta litt ned på treinga, teke fram kjøkenmaskina og byja med surdeigsbaking. Men for alt eg veit, så bakar dei kanskje mellom treningsøktene?
Så Håvard, kvifor vil du byrje med surdeigsbaking?
Vel, eg driv jo innanfor mat og vin, både i arbeid og hobby, så eg kan vel kome unna med at det kun handlar om ei fagleg interesse for noko eg burde ha prøvd for lengje sidan. Dessutan har svigerinna mi (Hei Ågot!) byrja med det, og det verkar å gå fint med hennar baking, så då må vel eg også kunne få det til. No arbeider eg for tida faktisk på eit bakeri, men der er det baking i større skala og ingen surdeigsbaking. Eg tenkte difor at dette vere å gå litt tilbake til røtene. Greit?
Ja, må sikkert kutte litt i teksten, men det kjem nok med, i allefall i løpet av neste veke. Takk for praten!
Legg att eit svar