I går bakte eg ingjen med surdeig. Denne gongen med ei oppskrift funnen på nettet etter litt googling. Resultatet vart kjempebra! Og brødet smakte veldig godt. Det minte meg om pain de campagne-brødet som Alain bakte på Kristines i gamle dagar. Eg fekk ikkje heilt til snittinga, det skulle ha vakse litt meir ut på toppen, men eg får prøve igjen. Deigen vart jobba saman tre gonger med 45 min mellomrom før oppslag. Så heva brødet i om lag ein time. Det var ganske laust, men skaut fint opp i omnen. Eg la to steikeplater oppå kvarandre og skrudde omnen på full guff. Så skauv eg brødet som låg på bakepapir oppå ei skjærefjøl inn på den varme plata.
Dag 1, kveld.
30 g surdeigsgrunn
120 g kveitemjøl
100 g vatn
Dag 2, morgon
surdeigen frå i går
80 g sikta rug
220 g kveitemjøl
200 g vatn
5 g gjær
9 g salt
Store fine hol, mjuk, litt seig og luftig krumme og deilig sprø skorpe som krakelerte fint då brødet vart avkjølt.
Då må berre seie frå neste gong du bakar slik, om du har lyst på besøk då…