Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Bææ!

 

Kva seier sauen? Bææ! I helga var vi ein snartur til hytta i Sogndalsdalen. Ingvild har lært seg at sauen seier bææ, og no fekk ho høve til å sjå sauene live. Aili fekk gje salt til sauene. Og far laga fårikål til middag.

Sopp og quiche

Quiche med kantarell. Små quiche steikte i creme brûlée-former. Fyll er steikt kantarell, bacon og sjalottlauk. Så litt riven sveitserost og stand av eggeplomme, kaffifløyte, salt og pepar.

Litt vin til quiche og kveldskos. Clos Saint Yves 1997 frå Domaine des Baumard. Chenin blanc-basert vin frå appellasjonen Savenniéres på nordsida av elva Loire. Spesialbestilt og henta hjå Bjørn på polet i Førde for nokre år sidan. Hadde på den tida trua på relativ lang lagring for tørre chenin blanc-vinar. Er ikkje like sikker i dag. No er ikkje denne vinmarka rekna til dei beste i appellasjonen, så kanskje vin frå ei betre vinmark og enno betre produsent kunne bli det heilt store med tida? Det er somme som meiner at Huet sine tørre Vouvray kan lagrast i 30-40 år.. Denne vinen var typisk chenin blanc med marsipan, ullsokk og kvede på lukt. Heldigvis var ullsokkpreget mindre på denne vinen enn ein eg drakk med RuneCru for nokre år sidan. Vinen er ok, men det manglar noko i smaken, kall det ein x-faktor. Til kantarellquichen vart vinen betre, sjølv om det ikkje var noko aroma av sopp i vinen. 2004-årgangen finnst på polet til 198,-

Sopp og risotto

 

Kva kan soppen brukast til? Vel, fyrst ut var sopprisotto, middag på torsdag. Kokte soppkraft på ein halvkilo traktkantarellar. Så er det varming av risottorisen i tørr panne. Svissing av sjalottlauk og kvitlauk saman med ris. Spe med kraft. Koke inn, røre og spe i ti minutt.

 

Når risen er passe kokt, er det tid for mantecatura, tilsetjing av smør og ost. I dette tilfellet Kvitseidsmør og parmesan. Skulle nok ha kutta ut parmesanen, for den tok litt over showet og soppsmaken vart mindre. Neste gong skal eg heller prøve med ein puré av sopp.

Ferdig risotto! Garnityr er pinjekjernar, steikt kantarell og kyllingbryst rulla i serranoskinke. Vinanbefaling. Mogen raud burgunder, gjerne frå 1997, 2000 eller 2001.

Matauk

På onsdag var eg for fyrste gong på tur for å plukke sopp. Og med røynd guide vart det suksess! Kom heim att med ei bøtte full, mest traktkantarellar, men og litt kantarellar og piggsopp. Angedalen er brukande til så mangt.

På måndag er det valdagen, men viktigare er det at no byrjar bokhausten! Og for dei som har kika innom ein bokhandel i fylket vårt, så veit de at jau, dei har dei siste bøkene til Jo Nesbø og Anne B. Ragde, men viktigast er nok bøkene om oss sjølve. Turbøker, lokalhistoriske vegvisarar, lokale skrøner, lokalhistorie og prydbøker frå fjell og fjordar. Her kjem eit lite glimt av floraen av bøker du snart vil finne på din lokale bokhandel.

Stig inn, for faen! Portrettbok frå Stig Roger Eide med interjvu av tjue kranglefantar frå fjordfylket. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Dei sveisa Sunnfjord saman. Fyrste bok i eit fembandsverk om Ankerløkken og verftshistoria i Førde og Florø. Oddleiv Apneset har teke bileta. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Dei brann for Halbrend. Kulturhistorisk vegvisar for Halbrend, Holten og Pernillevegen. Praktbok med mykje spanande frå eldre og nyare historie om Halbrendstraktene.

Stang ut. Hans Jakob Reite med skråblikk på Firda si dekning av lokalfotballen.

Mellom ørekyter og Ålhus. Johs B. Thue si bok om symjeopplæring på Jølster før og no.

Lakabodl! Finn Tokvam og Olav Stedje har reist rundt i Sogn på jakt etter dei største skrytepavane, nolevande og historiske. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Sólo dame una señal. Ein spansk studie av signalbygg i norsk samtid frå 2009. Eit lite kapittel om dei planlagde signalbygga i Førde også. Kjem i norsk omsetjing ved Ragnar Hovland på Selja Forlag. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Stig oppi gryta. Stig Roger Eide si kokebok for store og små på tur.

Mot toppen i lett fottøy. Arve Sandal si bok med gode tips og innsideinformasjon om dei 75 viktigaste motbakkeløpa i fylket. Uvurderleg for deg som siktar deg inn på topplassering i Gåsenipa Opp eller for å klare merkjet i Dragseide På Skrå.

Elles vil Operaen i Nordfjord setje opp Få meg på for faen, og Sogn og Fjordane teater set opp eit stykke basert på Olaug Nilssen si novelle «Glassnikkaren» frå sjuende klasse på Førde Ungdomskule.

Ferdig på jobb 1010 (1), slengje seg i bilen (2) og cruise bort på ølmonopolet for å handle inn Kinn og Ægir (3). Setet litt langt bak (4) og radioen på (5). Frese (6) opp på gode gamle Vie senter (7) og ser gamle kjende og handlar inn til helga. Dei har berre ein pakke wienerpølser og er utseld for dei andre sortane (8). Heim att og få tinga i kjøleskåpet, slengje seg på sofaen med twitter. Skulle ha sove litt (9), men er spent på kva som står i avisene. Men posten er ikkje komen til kl 1200 (10), så det vert blogging og nrk.no. Skulle teke oppvasken (11), men må opp att å sjekke postkassa snart.

Trur det kan bli greit i Førde. Berre eg får meg litt søvn..

 

1. Ja, ein byrjar tidleg på jobb i bakarbransjen.

2. Nei, ikkje sykkelen i dag. No går det unnabakke til gehenna med karen.. (og miljøet). Nei, no vert det FRP, som Kjetil Brottveit ville sagt.

3. Lokalt øl produsert i kommunane Flora og Aurland. Førde er einaste kommune utan ølsal i daglegvarebutikkane.

4. Har litt att til eg har inne alle rånarfaktene, men eg kjem meg.

5. Kor lengje går det før far i huset ofrar bagasjeplass for ein subkasse? Gå til din lokale bookmaker og sett peng på riktig tidspunkt.

6. «Frese» i den grad det er mogleg med ein sopass treig bil. Apropos bilbransjen, kor tid skal nokon kome på bana og ta dei? Håkon Haugsbø, make your move!

7. Nå ja, butikken er blitt Rema og eg finn ingenting lenger.. Og kvifor heiter det Vie senter? Det er då streng tatt berre ein butikk?

8. I følgje hyllene skulle det vere tre sortar wienerpølse.

9. Ja, ein byrjar tidleg i bakarbransjen..

10. Synes posten burde vore der til 12, men det kjem nok ikkje til å påverke kven eg skal røyste på på valdagen. No skal eg forresten førehandsrøyste, sidan vi flytta frå Voss og eg er pent nøydt til å røyste i den kommunen. Arg! Kanskje eg skal røyste blankt? Nei no, (sjå fotnote 2).

11. Brukte koppar, glas, besikk og gryter, som vert reingjort i kum med vatn og basisk (gjerne feittløysande) vaskemiddel, for så å bli skylt i reint vatn og turka.

Det knirkar! Tid for å fornye sykkelen, og for å spare nokre gram. Fjorårets store investering var nytt drivverk med den frekke KCNC-kranken som krona på verket. No skulle Sykkeldoktoren i Kvernberget ha noko frå salet til CRC, så då slo eg meg med og vi fekk det fraktfritt. Eg hadde eit sete liggjande frå ein tidlegare handel, men fekk ikkje bytta det ut, då festeskruene på setepinnen var rusta fast. Då vart det ny setepinne i denne omgang og nytt komfortabelt sete på plass. Komboen var (hald deg fast) 6 gram lettare enn det som stod på før.. Ja ja, alle monnar drar. Dei frekke Brooklyn Machine Works-pedalane med brusopnar var diverre slitne i akslingen, så dei har også hamna på sykkelkyrkjegarden.

No er det desse lette og fine NC-17, som skal vere plattform for turar og trakk. 386 gram/paret, og heile 458 gram lettare enn the Shinburgers frå New York!

Og for å hindre vatn og skit i augene; Evil Eyes! Mange tøffe namn på syklar og delar. Hmm.. bloggstoff? Skal sjekke det ut litt meir, og kome tilbake med meir.

Kveldsmat

 

f

Når la du sist ein ferietur til ein ny grusveg? Ikkje det? Vel, dette var fyrste gong for meg også. Men med mottoet «Sunnfjord, ditt næraste feirefogderi», la vi ut mot den forjetta grusvegen mellom Sygna i Gaular og Guddalen i Fjaler. Howie G stillte med Mondeo, GPS og musikk, medan Aili og eg tok med barnesete, godt humør og Nikon.

Både Naustedøler og NRF poserte i sola.

Meir kjeks?

Etter Nautsund, mellom Hovlandsdalsvatnet og Breivatnet, var det tid for å vasse og ete nista.

Vel framme i Dale, var det sjølvsagt klart for is og kaffi. Og gamle kjenningar dukka opp. DVD-spelarane kom ikkje til nytte, for ungane song med på soundtracket til Howie G.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ja vi driv og flyttar, og som dei fleste andre har me minst 20 kubikk for mykje å dra på.. For å sleppe å pakke, er det beste å kvitte seg med litt lausøyre, anten på Fretex eller på dynga. Kona synes eg burde kaste alle blada eg har samla opp igjennom livet. Førre gong me flytta gjekk alle sykkelkatalogane til papirgjenvinning og Tommy og Tigern hamna hjå Fretex. No er det slutt for svenske mat- og vinblad, Wine Spectator, Syn og Segn og Folkevett. 25 utgåver av Carls Cars går ironisk nok også med i dragsuget, no som eg har lappen. Legokatalogane frå 92 og framover, Vinforum og På Sporet, ser det ut til at vert redda frå revisjonen.

Eg hadde også ein ide, for mange år sidan, at eg skulle nytte krankarmar som dørhandtak. Difor har eg samla på dei utslitte kranksetta, som har sete på forskjellige syklar. Til og med ein XT SGS frå 1993, som stod på Intruderen eg kjøpte for konfirmasjonspengane, har eg spart på. Helt til no. No er det slutt. No går han til miljøstasjonen på Bjørke. Sukk.. Vonar han kjem til nytte for nokon andre.

 

Shimano XT 26-36-46 frå 93. Vert nok ikkje dørhandtak i Viebakkane , men får danse rundt på verdsveven til evig tid, og minne Håvard og hans etterkommarar på gløymde stiar og urealiserte idear.