
Sundag med ganske fint ver. Greg inviterte til fototur i retning Ulvik. Vi drog. Og stoppa litt undervegs. Her frå flåga ned mot Granvin. I kveld vert det anna vin.

Sundag med ganske fint ver. Greg inviterte til fototur i retning Ulvik. Vi drog. Og stoppa litt undervegs. Her frå flåga ned mot Granvin. I kveld vert det anna vin.

Kortreist mat. Jordskokksuppe med jordskokk frå Finnegarden, rett nede i bakken her. Trøffelkruttongar, serranoskinke og dill. For mykje dall? God var ho no, suppa.
På laurdag var det den berømte Osamiddagen, og mykje god mat og vin vart servert. Celebre folk stod bak grytene og gratiale var mellom anna Grand Vin. Det draup då litt på mannen med trekkaren og.

Sundag sykla vi til Hagahaugen og bada. Både Aili og foreldre storkosa seg. Måndagen opprann med sol og fri. Far og dotter sette seg på sykkelsetet og trakka i veg. Etter litt luft frå Statoil, gjekk turen over Langebrua og mot Gjernes og Bordalsgjelet. Attende til Vangen og lunsj på Avhaldskaféen.

Lauvet har falle frå epletreet, men om eplet har falle langt frå stammen, gjenstår å sjå.

A med eit ironisk klapp for den nye regjeringa. Her kjem hennar liste over namn til ein del taburettar i ei noko meir spenstig regjering.
Helseminister: Makka Pakka
Samferdsleminister: Pål Ander Ullevålseter
Finansminister: David Toska
Resten av ministerpostane går til dei andre ungane i barnehagen, medan Stein Lillevolden vert statsminister.
For ein militærnektar som ikkje går på jakt, er det ikkje ofte eg er i situasjonar der eg kan ta liv. Eg har jo sjølvsagt teke livet av mange fiskar, men avlivinga er på ein måte ein del av det å fiske. Heime på kjøkenet i dag fekk eg to liv på samvitet då eit par hummarar skulle i steikepanna. Vi hadde invitert eit par gjester på lammefrikassé, men då eg på kort varsel fekk sjansen til å kjøpe eit par hummarar, fiska på Bømlo av borna til ein kollega (!), takka eg ja. Så då vart det forrett. Men fyrst måtte dei drepast. Hummar, sjøkreps og anna sjømat lever i havet ved låge temperaturar, så etter døden vert dei fort dårlig. Difor er det best om sjødyra får leve heilt til dei vert sjømat.

Avlivinga gjekk greit, og hummarhalane slutta ikkje å sprelle før dei hadde steikt i fem minutt! Snakk om ferske råvarer. Kokte ut panna med litt kvitvin og fløyte. Rørte inn nokre terningar kaldt smør og serverte med Ingeborg sine fine foccacia. I glaset: Chablis Grand Cru Les Clos 1997 frå J. Moreau & Fils. Fullmogen, sjøprega med ein kjerne av frukt og syre. God til hummaren.
Etter ein durabelig porsjon lammefrikassé og is med plommesyltetøy, var kjøkenbestialitetane komne på avstand og ungane såg heller ikkje ut til å ha teke nokon skade av opptrinnet.
I dag et Aili og eg bollar til frukost. “Nokon” hadde gløymt å ta opp brød frå frysen, og eg måtte improvisere. Vel, sola skin faktisk, så det kan jo bli ein fin dag.




På måndag er det val. Gå og røyst medan det enno ikkje er ei plikt. Då vil du berre kome til å synast det er kult å sleppe unna.
Ein av mine fyrste utanlandske vener var ein finne. Eg visste ikkje på den tida at han var finsk, men det fann eg ut litt seinare. Vi hadde samanfallande interesser innanfor bygg, anlegg og transport, og leika saman tidt og ofte. Dersom det ikkje hadde regna på mange dagar, så var det ikkje like kjekt. Men det var sjeldan noko problem, eg kjem frå Førde på Vestlandet. Etterkvart vaks vi litt frå kvarandre. Eg byrja med fotball, medan han held seg i sanden. Eg fekk også ein del nye danske vener, med merkelige namn som 6016, 6990, 8852 og 5510.
No har dotter vår treft att min gamle finske ven, og det ser ut til at dei finn tonen. Dersom vi får sand i kassen utanfor huset, kan det nok hende at far også blir med i leiken.

Plasto, gamal slitar i fin form.

Våren 2004 vart det innført nasjonale prøver i grunnskulen, og dette var meint å vere eit kvalitetsikringsverkty for lærarane og skulane. Nokre meinte at med offentleggjeringa av prøvene så vart dette ein ny gapestokk. I nærleiken av heimen til mine foreldre i Førde har nokre sett opp skilt som er noko vel ærlig om nivået til borna.
