Keep working that pedal steel
No som eg har førarkort er det jammen lett å setje seg bak rattet og utan mykje strev kome seg rundt. Men ein må jo halde seg i form og rekesalaten skal no forbrennast, så då vel eg stadig vekk sykkelen til og frå barnehagen eller Vangen. Då eg sykla opp Sivlevegen ein dag, prøvde eg å halde eit noko høgare gir frå flata og opp stigninga. Eg klarte å kome heilt opp med 2:5-utveksling, altså midterste krank og femte kranstannhjul. Når eg har A på slep må eg ned i 2:3 eller 2:2. Ah, tunge trakk, men no har det byrja å knirke veldig i kranken/lageret, så tinging er send til Sverige etter nytt stål og alu. Men i ettertid har tvilen kome. På sykkelrelaterte fora på nettet vert det hevda at nye utanpåliggjande lager ikkje held mange mila, medan dei gode gamle «square taper», held i det lengste av løp. Vel, mitt har no fungert knirkefritt fram til no, ti år til saman. Har eg kjøpt katta i sekken? Eg tek debatten her i kommentarfeltet! Har du eigne røynsler på feltet, så hiv deg frampå.
Eg vil jo sei at mitt utanpåliggande kranklager no har fungert i over to år. Det er lenger enn det gjennomsnittlege square taper-lageret har fungert utan å knirke..(1.5år i snitt) (over 8 år)
Eg har jo sjølv i følgje BMI-indeksen ete litt over gjennomsnittet med rekesalat ( i allefall tilsynelatande) og syklar kvar arbeidsdag. Saltsørpe om vinteren og støv om sommaren.
Betryggjande å høyre at det finnst sunnfjordingar med fyrstehands røynsler med slike lager. Men dersom BMI-en din ikkje går ned med dagleg jobbsykling, må du få deg nokre grovare dekk med meir rullemotstand. Det har fungert for meg. Har Nokian Gazzoloddi 2,3 bak, og då er det nesten umogleg å kome opp i 60km/t ned bakkane. Tilsvarande tungt opp bakkane.
Her kan eg ikkje halde fingrane unna tastaturet, når gode sunnfjordingar tillet ein anglisisme å gro fast: Det er KMI’en som endrar seg i takt med trakkinga.
takk for tipset 🙂
eg trur det lettaste er å ete mindre…