Det nye klasseskiljet går ikkje lenger etter storleiken på lommeboka, men om du les i eller ler/gret av avisene. I serien av utklypte artiklar frå medium utan korrektur og ambisjonar, har vi i dag kome til nrk.no, sikkert kjend for dei fleste. Her frå ei sak om at Roger Waters tek med seg «The Wall» til Noreg i april neste år.
«For å illustrere historiene som fortelles gjennom musikken, har Waters utviklet en dynamisk videografikk med visuelle bilder. Disse prosjekteres over en 743 kvadratmeter storskjerm.»
For dei som har lyst å sjå prosjekterte visuelle bilete i Bærum, vert billettane lagde ut for sal 30. august.
Eg synest denne setninga frå bt.no også kan vere med i serien:
«Det som trolig var den omkomne 19-åringen, ble kjørt til bussen av politiet en times tid før han døde.»
Bergens Tidende, årets avis for 3. år på rad, men framleis eit stykke til toppen…