Nokre bilete frå helga.
Her frå årets confit de canard-produksjon. I år vart det 39 lår! Så det ligg an til mange gode middagar framover.
På laurdag hadde vi ein smakebit. Servert låra med trøffelaromatisert sellerpuré og andskysaus. Slett ikkje verst.
Drakk denne i helga. God vin, men eit lite trekk for manglande vulkansk mineralitet.
Såg sola for fyrste gong i år! Ingeborg til venstre.
Sørøysundet badar i blå himmel og snødekte fjell. Polarbasen til venstre.
Godt å høyre at du trekk for manglande vulkansk mineralitet. Eg har gjennom fleire år prøvd å setje fokus på nett denne mangelen, ofte har eg følt meg aleine mot røkla. Set pris på støtta!
Ja ikkje sant? Dog er det fyrste gong Olivier tappar denne vinen, men i og med at han kjem frå den berykta vinmarka Rangen med vulkansk jordsmonn, så hadde eg venta meg meir.
sjå: http://www.kakofon.com/2008/01/13/legobikes/