Det finst mykje spanande vin rundt om. Og kvalitetsvin er diverre relativt dyrt. Chablis er eit slags untak. Sjølvsagt er det mogleg å betale over 500 kroner for dei beste flaskene, men det finst mykje bra i prisklassen opp til 230 kroner. Det har vore nokre gode årgangar i det siste (2002, 2000, 1999, 1996) og ein del flasker kan godt liggje nokre år før dei når toppen. Eg har ikkje vore så interessert i dette området før i det siste, men det er truleg værd å kike litt nærare på desse mineralske og syrlege vinane frå chardonnaydrua.
Chablis høyrer til Burgund-distriktet i Frankrike, men ligg for seg sjølv litt lenger mot nordvest. Dei fleste gjærar på ståltankar for å bevare syra og det mineralske preget som kjem frå det spesielle kimmeridgekalkjorda. Denne kalkrike jorda kjem av fossil frå til dømes østers som levde i området då det låg under vatn for om lag 180 millionar år sidan.
Glasprodusenten Riedel har eit eige Chablisglas som viser vinens sitt potensiale.
Chablis høver godt til skaldyr og lette fiskerettar.
Legg att eit svar