Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Samfunn’ Category

Ja vi driv og flyttar, og som dei fleste andre har me minst 20 kubikk for mykje å dra på.. For å sleppe å pakke, er det beste å kvitte seg med litt lausøyre, anten på Fretex eller på dynga. Kona synes eg burde kaste alle blada eg har samla opp igjennom livet. Førre gong me flytta gjekk alle sykkelkatalogane til papirgjenvinning og Tommy og Tigern hamna hjå Fretex. No er det slutt for svenske mat- og vinblad, Wine Spectator, Syn og Segn og Folkevett. 25 utgåver av Carls Cars går ironisk nok også med i dragsuget, no som eg har lappen. Legokatalogane frå 92 og framover, Vinforum og På Sporet, ser det ut til at vert redda frå revisjonen.

Eg hadde også ein ide, for mange år sidan, at eg skulle nytte krankarmar som dørhandtak. Difor har eg samla på dei utslitte kranksetta, som har sete på forskjellige syklar. Til og med ein XT SGS frå 1993, som stod på Intruderen eg kjøpte for konfirmasjonspengane, har eg spart på. Helt til no. No er det slutt. No går han til miljøstasjonen på Bjørke. Sukk.. Vonar han kjem til nytte for nokon andre.

 

Shimano XT 26-36-46 frå 93. Vert nok ikkje dørhandtak i Viebakkane , men får danse rundt på verdsveven til evig tid, og minne Håvard og hans etterkommarar på gløymde stiar og urealiserte idear.

Reklame

Read Full Post »

Nei, ikkje året 1984, men boka. Vi var ein tur heime i trivselsfylket i førre veke, og opplevde det gode gamle regnveret i Førde, slik eg hugsar det frå barndomen. Intenst, men utan bryske seg. Nei, ikkje slikt ekstremregn som vert innslag på fjernsynet, berre massivt fuktig regn som trengjer gjennom, innunder og oppunder regnklede og sko. Slikt regn som får kroppens vassprosent til å stige mot 100. Men det er eit venleg regn, slik at Førdianarar etter nokre år og nokre miliardar millimeter nedbør, lærer seg å setje pris på regnet, og få heimlengt om dei skulle oppleve liknande regn andre stader.

Torsdag 9. juni gjekk eg ned til sentrum frå Brendeholten i det høge, over skoddeheimen. Og regnet det pøsa ned, nett som i gamle dagar. Eller gjorde det det? Ta ein kikk på dette bilete frå Yr.no.

I den ikkje heilt ukjende boka 1984, frå 1949 får vi eit innblikk i eit totalitært samfunn. Hovudpersonen arbeider i Sannhetsministeriet, der han reviderer og omskriv historia slik at ho passar med partiets ideologi og program. Storebror ser alle til eikvar tid med hjelp av Tankepolitiet. Kven som sit på toppen av Meteorologisk Institutt, veit eg ikkje, men det er tydeleg at regn i Førde den 9. juni ikkje passa inn i storebror sin statistikk. Dersom dei som utfører målingane i Førde skulle finne på å «hoppe av», så er eg interessert i finne ut kor mykje det faktisk regna denne dagen.

Read Full Post »

Jau, ryktene er sanne, me skal flytte attende til Førde. Husvære er kjøpt (nuvel, kontrakt er inngått og betongfundament er observert), men det skal truleg ikkje vere ferdig før mai neste år. I mellomtida treng vi altså eit krypinn for våre blomar, sofaen, to born og 41 banankassar med «krydder + div.» Ingeborg har fått jobb, og ungane har sikra seg barnehageplass. Eg har enno ikkje fått meg arbeid, så om det er nokon der ute som treng eit par hender og eit hovud på riktig plass, hovudsakleg i tertiærnæringar, så ta kontakt.

Men om det er trivselsfylket eller framtidsfylket, me flyttar heim til, det er eg litt usikker på.

Read Full Post »

Ved kjøkenbordet etter at middagen er fortært. Borna har som vanlig knapt ete noko, men brorparten av det som var på tallerkenen ligg no på golvet, og yngstemann (som enno ikkje har lært (sukk) å krabbe) smør det utover. Ute er det 18,4 grader og overskya. Dei er kledde i middelklasseklede kjøpt hovudsakleg på inspirasjonslause butikkar som H&M etc. Mor og far er (naturlig nok) trøytte, då mor har amma fleire gonger på natta, medan far har vore på druen og kome seint heim.

Mor (retta til far): Ungane må bade i dag, dei skulle ha bada for lengje sidan!

Far: Ja men dei har jo bada for lengje sida.

Mor og far: Hahahahahahhahahahahahahaha!

Mor og far ler ei god stund av dette, far lengst, då mor er trøytt fordi ho måtte amme fleire gonger om natta, medan far var på druen og kom seint heim.

(Familiesjølvironi er ikkje like morosamt som til dømes Are Kalvø, men det funkar som terapi. Kombinasjonen lite søvn, stort koffeininntak og rotet hus, kan også vere grobotn for enkelte morosame situasjonar, men som oftast ikkje..)

Read Full Post »

I dag har eg drukke kaffi, baka fire brød, og sett på Gary Vaynerchuck, som seier til vinprodusentar i Napa Valley at dei må kome seg i gong på sosiale medier for å selje vinen sin, og få eit eie-til-ein-tilhøve til kundane sine. Eg er ikkje så veldig aktiv i sosiale medier, men sparer peng til vin og eit dyrt hus.. Innimellom er det mating av arvingane mine.

Dagens meny: frukt med fullkorn og banan til dessert.

Read Full Post »

Frukosten på hotell Aqua Pura er det ikkje noko å seie på. Buffeten er sett opp inne i «vinrommet» til restauranten, og her som elles på hotellet er det mørkt og brunt og stille og lunt. Litt stearinlys her og der hadde kanskje gjort seg? Frukostservitørane er heilt tida på pletten med meir kaffi, jus eller anna drikke. Men vi skal tilbake til Quita de Nápoles for meir vin. Dette vinanlegget er for produksjon av svakvinane til Niepoort, raude, kvite og rosé, medan portvinane og raudvinen Charme, som alle er fottrakka og gjæra i sementlagares, vert vinifisert litt lenger oppe i dalen, i Vale Mendiz. No er det klart for vinmesse, og produsentane frå gårsdagens smaking er på plass, saman med ein del andre Douro-produsentar og nokre spesielt inviterte produsentar frå Bairrada. Messa foregår nede på kjellarnivå i anlegget, mellom ståltankar og eikefat. Anlegget har tre nivå. Øverst kjem druene inn og vert pressa/knust og går ned i gjæringstankar som står på andre nivå. Etter gjæring går så vinen ned til tankar/eikefat som står på kjellarnivå.

Det var mykje godt å smake på, men mykje fersk og tanninrik Dourovin, set gummane på ein prøve.. Quinta de Vale Meao 09 og Quita de Crasto Old Vines 08 var dei beste. Men den største overraskinga var vinane frå Vinhos Bussaco. Dette er eit overdådig hotell som ligg inne i ein skog, ein time sør for Porto, som lagar vin frå hotellet sine eigne vinmarker. Og vinen er kun for sal på hotellet, i tillegg til i Brasil, Tokyo og Macau! Den raude er laga på druesorten baga, som kan vere veldig stram og tanninrik i vinens ungdom. Produsenten hadde heldigvis med litt eldre utgåver. Litt gamaldags vin i ei rustikk stil, men med mykje smak og karakter. Dei kvite vinane kjem frå druesortane maria gomez, encruzado og bical, og er komplekse, rike vinar, men med bra syre. Det vart også høve til å smake nokre av Projectos-vinane til Niepoort. Bastardo er ein eindruevin frå Douro, frå ein druesort med veldig tynt skal, som gjev ein lettare og meir elegant vin. Ladredo er ein vin frå Ribeira Sacra i Spania, som også var eit prosjekt for å prøve å få til ein litt meir elegent vin, frå eit område med mykje tunge vinar. Niepoort har også vore ein tur i Jerez, og har der ingått eit samarbeid med den nye og trendy (ja faktisk) sherryprodusenten Equipo Navazos. Dei lagar vinen med det svært jordnære namnet, Vino Blanco. Dette er ein vin frå jerez som er laga akkurat som ein fino sherry, men utan å sprite han opp. Alkoholen er difor berre 12,5%. Eg fekk med ei flaske heim for å teste. Følg med på bloggen for smaksintrykk i næraste framtid. Innimellom vinintrykk var det også mogleg å få seg noko å bite i. Men det var ganske trangt etter kvart. I tillegg til alle utlendingane som var på smakinga på fredagen, var det invitert om lag 500 frå den portugisiske vinbransjen. Men det var mat til alle. Kanapéar og østers stod på bord i andre nivå, og for fiske- og kjøtrett på tallerken, var det berre å stille seg i matkø. Litt confit de canard gjer godt i kroppen. Etter dessert og nokre portvinar (White 10 years old, Colheita 2001 og Vintage 87), var det for nokre av oss transport med buss attende til Vila Nova de Gaia og hotellet.

Alt er mura i naturstein av skifer. Her skulle du vøri, far!

Etter ein kort pustepause på hotellet, var det avreise til lodge-en til Niepoort i Vila Nova de Gaia. Her vert all portvinen lagra på fat og flasker før sal. Eit eige rom er for garrafeira, som er ein portvinstype som det berre er Niepoort som lagar. Etter nokre års fatlagring vert portvinen tømt over i glasflasker som er på 7-11 liter. Så ligg vinen i desse i 10-50 år. Vinen vert så tappa på vanlige flasker for sal. Dette er veldig skjeldne og kostbare vinar. Vi fekk smake ein 1948-årgang. Veldig elegant og avslipen portvin, nesten som ein raud burgunder.

For dei fotointeresserte; Lumix GF1, 20/1,7 @ISO800, f2,8, 4sek

Både gamle og nye vener av Dirk og hans team, hyggja seg i den mørke kjellarhallen. Spekemat, småmat, brød og fiskegryte vart severt, medan vinane som kom i glasa vart eldre og eldre. Vi byrja med Redoma Branco Reserva 09, ein heilstøypt kvitvin frå gamle vinstokkar. Vidare kom Charme 2002, kraftpakken Batuta 2001, Quinta do Passadouro 1994 og den fyrste årgangen av Redoma Tinto, 1991, ein skikkeleg flott vin, som hadde tålt sine 20 år på ein framifrå måte. Så var det dessert og kaker, og klart for portvin. Vi starta friskt og mørkt med Vintage 2000. Så fekk vi eit eksperiment med to utgåver av  Colheita 1976. Den eine tappa i 1985 og den andre i 2007. Flotte vinar beggje to men den «nytappa» hadde ein meir uttalt sødme og var meir svulstig. Den gamle meir elegant og rettlina. Endå meir elegant vart det med Garrafeira 1948. Etter ein rundtur i den svære Tawny-kjellaren kom Dirk med kveldens eldste vin, ein Vintage frå 1840-åra, eksakt årgang var ukjend. Framleis med bra sødme og portvinspreg, men også teikn på å vere i forfall. Uansett ikkje verst for ein vin på 170 år! Det er ikkje alt som kan lærast på eit universitet, og Dirk var oppteken av denne empiriske kunnskapen som er bygd opp gjennom fem generasjonar med Niepoort (og Nogueira, som er dei som har vore vinmakarar for Niepoort sidan starten). Det er mykje å tenkje på når ein skal foredle druematerial og vinar som kanskje ikkje skal drikkast før om åtti år. Då er det godt å ha ein far eller bestefar som har vore med i gamet, og som kan gje gode råd. Kunnskap er smakt.

Douro er eit fantastisk vindistrikt, med mykje spanande vin. Eg fekk ikkje tid til å gå rundt i sjølve Porto, så eg må nok kome attende ved eit seinare høve..

Read Full Post »

Etter ei lang reise via Flesland, Gardermoen og Frankrfurt, var eg endelig framme i Porto. Eg visste ikkje så mykje om opplegget, men etter insjekk på hotellet i Villa Nova de Gaia, var det transport til heimen til Dirk, der det var party i hagen. Forutan vinjournalistar frå Spania, England, Japan og Finland, ein og annan sommelier, så var det mykje kjende vinmakarar. Julian Barbier frå Champagne R&L Legras, Jean-Marc Pillot frå Chassagne, Wilhelm Haag frå Mosel, Luis Cerdeira frå Soalheiro, Eric Rousseau frå Gevrey og Michael Moosbrugger frå Schloss Gobelsburg i Kamptal. Og sjølvaste Jean Francois frå Tonnelerie Francois Freres. Salatar, grillmat og ost kom på bordet og vinane kom stort sett frå store flasker. Høgdepunkta var ein Chassagne-Montrachet Morgeot 1992 frå Bernard Morey i 3-litersflaske og ein Bairrada frå 1995.

Neste dag var det busstransport i to timar oppover Dourodalen, til eit fancy, men noko spesielt hotel, som låg litt forbi Regua. Her vart det forfriskningar og litt mingling før det var lunsj utandørs under parasollar i nydelig ver. Maten var visuelt bra, men svikta på smak og i kombinasjon med vinane. Forretten var ein «gazpacho» av ananas med ein urtesorbet. Søtt og dessert-aktig, og den tørre vinen Niepoort Tiara 09 vart smaklaus i lag med det søte. Så var det ein rett med eple og laks, som også var for søt. Hovudretten var ein tournedos av kalv, som var god, dog litt kald, medan garnityr og saus var heller ordinært. Redoma Tinto 06 funka bra til denne retten. Før desserten var det ein pre-dessert med mint og vodka!  Sjokoladedesserten var god og mektig, og det skulle berre mangle når vinfølgjet var nytappa Bioma Vinha Velha 08, ein enkeltvinmarksportvin frå Niepoort.

Så var det transport til Niepoort sin Quita de Nápoles, litt lengre opp i dalen. Flott anlegg, som vart bygd på ni månader i 2007, akkurat klart til inhaustinga. På vegen er det fine muligheiter for å studere vinmarkene som for det meste ligg i terrassar oppetter dalsidene. Det er eit imponerande arbeid som ligg bak alle steinmurane som det har teke fleire hundre år å byggje.

Så var det klart for smaking. Niepoort er ikkje berre vinprodusent, men også importør. På smakinga fekk vi smakebitar frå nokre av dei produsentane Dirk set høgast. Det var mellom tre og fem vinar frå kvar, og dei fekk høve til ein kort presentasjon av seg sjølv, sin eigedom, og sine vinar. Men det var Niepoort som fekk starte, og for ein start! I motsetning til dei andre som presenterte vinar, hadde ikkje mannen som presenterte dei vore med å laga vinane. For her var det vinar frå fyrste, andre og tredje generasjon Niepoort. Colheita er ein type tawny portvin, der all vinen er frå ein årgang. Så ligg vinen på fat i mange år, helst så lenge som mulig i følgje Dirk, men av og til må ein jo ha noko og selje. Då vert vinen tappa på flasker, og er klar for sal. Årgangen står på etiketten, samt året vinen vart tappa på flasker. Vi fekk smake 1937 (tappa 1995), 1934 (tappa 1981), 1912 (tappa 1978), 1900 (tappa 1972) og 1863, her fekk eg ikkje med meg tappeår. Ekstreme vinar som er dyre, sjeldne, unike og veldig gode. Favorittane var 1934, som har ein enorm konsentrasjon, og smakar karamell, fudge, knekk og godsaker, men med ei balanserande syre. Og 1863, 148 år gamal, men i full vigør. Melkesjokoladebrun med gul kant. Med smak av sjokolade, appelsin og raude bær. Laaang ettersmak.

Så var det klart for franskmenn, spanjolar, austerrikarar og tyskarar, som alle skulle hoppe etter Wirkola. Eg er kanskje litt usamd med rekkefølgja på smakinga, men dei ønskte at alle skulle vere skjerpa og klar til vertikalen med Colheita, så difor kom den fyrst. Det vesle Champagnehuset R&L Legras held til i Chouilly heilt nord i Côte des Blancs, og lagar stramme syrlege vinar på chardonnay. Standardcuvéen med vin frå 07 og 06 var flott balansert, frisk og epleprega. Toppvinen St. Vincent 96, var litt tilknappa, så den ville eg ha lagra nokre år til. Frå Schloss Gobelsburg i Kamptal i Austerrike vart det skjenkt både ung og mogen riesling. Mykje godt. Så til nabovindistriktet Vinho Verde, og produsenten Soalheiro som lagar vin på druesorten alvarinho. Her var det mykje godt og ein av favorittane frå smakinga var ein Alvarinho Primeras Vinhas 07. Aromatisk, kompleks, grøne frukter og gule plommer. Fin feit finish, seriøs og interessant!, er det som står i mine notat. Så kom to produsentar av kvit Burgund. Jean-Marc Pillot, jovial pratmakar frå Chassagne, og Jean-Marc Roulot, rolig kar frå Meursault, som også driv som skodespelar i Frankrike på film og fjernsyn. Tidsskjemaet byrja å bli knapt, og det gjorde det ikkje betre at Spanias infant terrible, Telmo Rodriguez, aggiterte for samanslåing av Spania og Portugal til eitt sterkt Ibera! Dirk forsøkte å kneble debatten, og introduserte Eric Rousseau, frå Gevrey-Chambertin. Vi fekk smake kommunevinen i 07, Lavaux-Saint-Jacques 07 og Clos de la Roche 08. Sistemann ut var gamlefar Wilhelm Haag, som no har late sonen Oliver take over drifta. Dirk introduserte Wilhelm som hans spirituelle far, bror og leiestjerne. Vi byrja med ein Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Trocken Gosses Gewächs. Vanskelig namn, god vin. Til slutt var det ein Auslese Goldkapsel frå 1994, ah!

Så var det tid til å strekkje på beina, medan det vart dekka til middag. Gode, enkle rettar vart servert og vinane som kom i glaset står på veggen på bilete over. Legg merkje til dessertvinen, Niepoort Party Port, ein 20 year old tawny, tappa på 2,15-litersflasker! Desse var diverre ikkje lovlege å selje, så vinen er til heimebruk. Så var det buss attende til hotellet og senga. Neste dag var det klart for meir vin..

Read Full Post »

Dersom du ikkje har noko imot svenskar, (106 år etter unionsoppløysinga er det vel på tide å senke skuldrane og gle seg over noko av det dei har å by på), så sikt deg inn på svtplay.se og søk etter grotesco. Festlig humorserie litt i stil med Ut i vår hage.

Read Full Post »

Eg vil gratulere Førde som ferske noregsmeisterar i volleyball! Velspela og spanande kamp.

Read Full Post »

Dersom de har ein ledig 1,5 time til overs, så vil eg foreslå at de kikkar på programmet Kakekongene, som fram til 20. november ligg ute på nrk.no sitt nett-tv.

Som konditor har eg vore borti ein del av elementa som desse må igjennom, men på eit noko lågare nivå. Dei få piece montées eg har laga har også vore noko meir safe, og slett ikkje med slik høgd som desse karane viser fram. Det er litt av ein prestasjon å kome så langt som å få kalle seg MOF(Meilleur Ovrier de France), eller frankrikes flottaste fagmann, innan kondiorfaget. I det mykje meir klassedelte landet Frankrike er det å vere flink på skulen og få seg ei bra (akademisk) utdanning ein sjanse for avansement til eit liv høgre oppe på den sosiale og økonomiske stigen. Skuletaparane kan kanskje få seg ein lærlingplass i eit yrkesfag og gjere som best dei kan i ein hard arbeidskvardag. I nokre yrke er det dog ein moglegheit langt i fjerne, til å kome seg opp, fram og i det (populære) søkjelyset. I det matglade Frankrike vert dei ypperste kokkar, konditorar og bakarar beundra og nærast tilbedd. No kjenner eg ikkje bakgrunnen til desse som er med i programmet, men det er nok også nokre av dagens matstjerner som begynte i rennesteinen. Ein av det franske kjøken sine grunnlegjarar, Marie Antoine Carême (1784-1833), vart forlaten av sine foreldre for å klare seg sjølv. Yrkesstoltheit og savoir faire, er noko heilt anna i Frankrike enn i Noreg.

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »