Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Observert og klypt’ Category

Vi har flytta, og gamle ting dukkar opp/kjem til overflata. Trufaste lesarar av bloggen har kanskje lagt merkje til at det i nyare tid har blitt posta meir bilete. Dette har jo samband med at eg no ikkje lenger må ta vegen om skanning av emulsjonsbasterte bilete, men kan via kabel overføre dei rett frå fotoapparatet. Nye tider altså.

Noko av det minste og festlegaste eg har kjøpt i Lille Øvregaten 4.

Cosina CX-2 var model for russiske Lomo og hadde motor som ekstrautstyr!

Eit polaroidkamera funne i Masfjorden. Har ikkje prøvd om det funkar.

Lubitel 166, sjarmerande men upålitelig russar.

Leica CL, utrangert etter eit ublidt møte med havet utanfor Sør-Afrika.

Read Full Post »

Endelig! No har det vore ei heil veke med sol og fineveir, snøen smeltar og våren er kanskje rett rundt svingen. (ein veit aldri her nord..). Om 15 dagar er det midnattsol og det er berre å leggje klar Mosel- og Chablisflaskene i kjøleskåpet. Eg kjem nok til å ta fram sumarjakka i laupet av dagen og vinterhua er bytta ut med solbriller og ipod.

I byen er det russ i alle fargar og vasspumpegevær større enn nokon gong. Det er raud mot oransje, svart mot raud, blå mot småungar og alle mot alle. Det er livsfarlig i gatene og butikkeigarane er vel sånn midt på treet misnøgde med heile greia.

På det personlige plan kan eg nemne at me flyttar sørover om mindre enn ein månad. Det vert nok rart og litt kjekt og, sjølvsagt. Dei som reknar seg som våre vener i Bergen ™ bør kjenne si besøkingstid og stille på Hurtigruteterminalen på Nøstet når lasset kjem.

Vi har hatt og skal ha mykje besøk, og eg begynner å bli litt lei confit de canard.. Elles har eg fått mms frå far min i bar overkropp på ei strand i det nordlige Italia. Meir er det ikkje å seie om det, utan at det vert psykologmat..

Read Full Post »

Lokal fugl knipsa på litt for lang avstand. Fin i allefall.

Read Full Post »

Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.


Pink girl


Dagens grimase


Sinte bjørn


Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk bra. Ho skreik berre fram til sentrum.

Read Full Post »

Nytt år og ny katalog. Lego er ein genial idé, men delen av marknadskaka vert stendig mindre. Ã…rets katalog er ikkje akkurat superambisiøs, meir eit kvileskjær. Kor tid skal vi få noko skikkelig kult? Nuvel, alt er no ikkje berre sorgen. Hugs no også på at dette vert meld av ein avdanka nostalgisk legobyggjar på 29, ikkje akkurat houvdmålgruppa til Legokonsernet. Men i og med at det er ein etterkomar rett rundt hjørnet, burde eg kanskje kikke litt nøyare på Duplo. Det har eg ikkje gjord dei andre åra. Og kor tid vil Fabuland få ein renessanse?

Allereie på side 3 har vi ein liten kontrovers. Legokonsernet har teke parti med kreasjonismen! Høyr berre kva som står om sett nr (det er Duplo dette) 5598 Dinosaurdalen: «Velkommen til dinosaurenes dal der huleboermenn og og dinosaurer lever sammen i fred og fordragelihet. (…).» Eg er usikker på om dette er noko som kjem frå Lego sentralt, eller om det er Lego Norge som har dette standpunktet.

Ja ja. Katalogen er layout-messig lik dei føregåande tre-fire åra. I det skikkelege old-school-segmentet finn vi nokre nye sett med vanlige klossar og eit «jentesett» med rosa klossar. Så blar vi over til den ganske stilige Creator-serien. Her er det ikkje mindre enn tre heilt vanlige bustadhus-sett! Dette trur eg nesten må vere rekord i Lego-samanheng. Det er også nokre nye mini-sett. I City har dei i større grad bygd opp kulisser i bakgrunnen, av varierande kvalitet. På side 30-31 er det faktisk nokre bakgrunnshus som minner om ein del svære greier slik dei gjer det på brickshelf.com. Ã…rets nye «lisens-sett» er Spongebob Squarepants og Indiana Jones. Er det nokon Hollywood-dille Lego ikkje har kasta seg på?

I Castle er det eit nytt skip og ei gruveborg. Star Wars har kome med ein TV-serie som heiter The Clone Wars og nokre nye TV-spel. Lego har difor laga nokre Legosett med seriens spaceships og greier. Elles er det mykje nytt i Racers, Ferrari og Bionicle. I Technic er det ein ganske fancy ny bulldoser med ymse motorar og fjernstyring. Elles er det ikkje mykje nytt. På dei siste sidene vert det oppmoda om å besøke nettsidene, men det er framleis ikkje mogleg å kjøpe noko i shopen.. Der er det til dømes ein modell av Millenium Falcon frå Star Wars med ikkje mindre enn 5195 legoklossar! Ny rekord?

Read Full Post »

Termin

I dag er det termin som det heiter. Men det er framleis ingen teikn til at ungen vil ut. Vi kan berre vente i spaning. I tillegg til å måke ut bilen, ete, sove og dei vanlige tinga.

Read Full Post »

I dag såg eg ein lapp på oppslagstavla på Domus der det var ein bil til sals. Det er mykje ymse som vert slått opp på denne tavla. Sal av barnevogner, sofaer og vaskemaskiner. Bønemøter, basar og omreisande chip-tuning-service. Den mest spesielle lappen som hang der no var denne. Det var eit bilete av bilen halvt nedsnødd, og denne teksten:

Justy

1985 mod. Gått
laaangt. Noe småfiks
selges kr 3000,-
Tlf ————

Read Full Post »

So har julefreden senka seg over Rypefjord. Lang frukost etterfølgd av Tre nøtter til Askepott. Andelåra er meld og kjem på kaien på fredag, så no kan eg bli kvitt andefeittet som har teke plass i frysaren. Det er på tide med ein ny run med andeconfit. Treet er pynta og det ligg faktisk bra med gåver under..

I går var vi til kyrkje og på kyrkjekaffien helste vi på ein kar frå Sudan som, viste det seg arbeidde i ESS på Melkøya, altså ein kollega av meg, og som snakka swahili. Då var dagen redda for svigerfar. Etterpå vart det handling, og så gjekk eg på arbeid på kvelden.

Read Full Post »

I rekkja av folk som er ute med spisse albogar, er vi i dag komne til dei eldre. På mandag: ei eldre dame snik framføre meg i køen i innsjekkinga på Alta flyplass. Onsdag: to eldre damer snik i køen framføre meg på Narvesen på Bystasjonen. Den eine skal ha pølse og tippe, den andre skal ha vekeblad. Dei eldre tek etter ungdomen i stadig nye påfunn. Frå før har dei lærd seg å bruke internett. No har dei byrja å snike. Kva blir det neste?

Read Full Post »

Det finnst ei mengd ulike måtar å treffe andre på nettet. Det nye no er Facebook. Facebook vart starta i februar 2004 av ein student på Harvard. Det spreidde seg etter kvart til andre universitet og college i USA, Canada og England. I september 2006 vart Facebook open for alle som har epostadresse, ikkje berre stundentar. Facebook er no den sjette mest besøkte nettsida i USA og har per april 133 000 norske brukarar.

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »