Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Lettbeint tylen og i høg fart nedover’ Category

Det knirkar! Tid for å fornye sykkelen, og for å spare nokre gram. Fjorårets store investering var nytt drivverk med den frekke KCNC-kranken som krona på verket. No skulle Sykkeldoktoren i Kvernberget ha noko frå salet til CRC, så då slo eg meg med og vi fekk det fraktfritt. Eg hadde eit sete liggjande frå ein tidlegare handel, men fekk ikkje bytta det ut, då festeskruene på setepinnen var rusta fast. Då vart det ny setepinne i denne omgang og nytt komfortabelt sete på plass. Komboen var (hald deg fast) 6 gram lettare enn det som stod på før.. Ja ja, alle monnar drar. Dei frekke Brooklyn Machine Works-pedalane med brusopnar var diverre slitne i akslingen, så dei har også hamna på sykkelkyrkjegarden.

No er det desse lette og fine NC-17, som skal vere plattform for turar og trakk. 386 gram/paret, og heile 458 gram lettare enn the Shinburgers frå New York!

Og for å hindre vatn og skit i augene; Evil Eyes! Mange tøffe namn på syklar og delar. Hmm.. bloggstoff? Skal sjekke det ut litt meir, og kome tilbake med meir.

Reklame

Read Full Post »

Ja vi driv og flyttar, og som dei fleste andre har me minst 20 kubikk for mykje å dra på.. For å sleppe å pakke, er det beste å kvitte seg med litt lausøyre, anten på Fretex eller på dynga. Kona synes eg burde kaste alle blada eg har samla opp igjennom livet. Førre gong me flytta gjekk alle sykkelkatalogane til papirgjenvinning og Tommy og Tigern hamna hjå Fretex. No er det slutt for svenske mat- og vinblad, Wine Spectator, Syn og Segn og Folkevett. 25 utgåver av Carls Cars går ironisk nok også med i dragsuget, no som eg har lappen. Legokatalogane frå 92 og framover, Vinforum og På Sporet, ser det ut til at vert redda frå revisjonen.

Eg hadde også ein ide, for mange år sidan, at eg skulle nytte krankarmar som dørhandtak. Difor har eg samla på dei utslitte kranksetta, som har sete på forskjellige syklar. Til og med ein XT SGS frå 1993, som stod på Intruderen eg kjøpte for konfirmasjonspengane, har eg spart på. Helt til no. No er det slutt. No går han til miljøstasjonen på Bjørke. Sukk.. Vonar han kjem til nytte for nokon andre.

 

Shimano XT 26-36-46 frå 93. Vert nok ikkje dørhandtak i Viebakkane , men får danse rundt på verdsveven til evig tid, og minne Håvard og hans etterkommarar på gløymde stiar og urealiserte idear.

Read Full Post »

 

Ai ai! Vinterferieleir og fineveir på Voss. Andy, Hedda og S har installert seg, og sannelig kom ikkje Arildguten også på fredag. På laurdag var heile bunten på ski på Hanguren. Med småungar i beremeisar og pulk, blått under skia og blå himmel. Nypreparerte løyper og medium gli. Deilig å kome seg ut på ski. Ingvild vart lett solbrend på eine kinnet..

Sundag tok karane skia på skuldra og labba ned til Hangursbanen. Så var det klart for ein strålande dag i trekket. Skia mine var ikkje akkurat nypreparerte, men glien var det ingen ting å sei på. Mjølkesyra held seg også i bakgrunnen det meste av dagen. Offpisten var dog noko samanblåst, så noko pudder var det knapt. Men karane svinga seg elegant nedover, som ein Berlusconi mellom smårips og rettsaker. Arildguten knipsa både alper og alpinistar, så sjekk bloggen hans i næraste framtid for snøkledde toppar og posørar med raude kinn.

Eit par Samfunnsfiende med twintip og Bomber Bishop, kjøpt brukt frå min skipushar frå Gjøvikstraktene, for mange år sidan. Men framleis dei tøffaste skia i bakken. Og mannen oppå bolsar som aldri før.

Read Full Post »

Kor mange verktøy trengs for å skifte krank, lager, kjede og kassett? Ein heil del!

Gull i tennene! Ny hard tanngard, som vonaleg ikkje treng tannlækjar med det fyrste.

Read Full Post »

Originalen, kjøpt i Oslo for ti år sidan.

Slik han er i dag. Bremsehendelen Ultimate V-chip, vart kjøpt på bryllaupsreise i Stockholm i 2002. Hjula er tinga frå Cyclecomponents si teneste Wheel builder ™, som dei no diverre har kutta ut. Kva skjedde?

Read Full Post »

I Førde  på slutten av 80-talet og på byrjinga av 90-talet var det for dei fleste DBS som var sykkelmerkjet. Vi var kanskje den siste generasjon som var lulla inn i NRK-monopol og før internett gjorde informasjon demokratisk, kaotisk og tilgjengeleg for alle. DBS var norsk og solid, medan Nakamura, TWS, Cresent og Diamant var Taiwan, billig og ubrukeleg. Byrjinga av 90-talet var også då sykling vart noko meir enn transport og leik. Det vart hopp og sprett og ut i skogen, eller «off-road». DBS hadde ikkje nokon off-road-syklar, sjølv om dei hadde eit par modellar som heitte nettopp det med 15 og 21 gir. Seinare kom Kilimanjaro DXL 21, som eg også vart eigar av, eit beist på ca 20 kg med skjermar og bagasjebrett, og hjulsett og bremser som ikkje tålte skogsbruk. Så i 1993 lanserte DBS ein eigen terrengsykkelserie, Intruder! Med eigen katalog og syklar med aluminiumsrammer, Shimano LX, XT, XTR og dempegaffel. Dette var syklar med betre hjul og grove dekk, og med vekt ned mot 11 kg, skikkelege terrengsyklar. Til konfirmasjonene i 94 kjøpte eg «Intruder XT2000» som hadde stålramme, stiv gaffel og eit langt styrestem. Utover 90-talet vart Intruder-katalogane meir ambisiøse. Salet av dyre syklar auka, og i 96-katalogen hadde DBS Intrudermodellar i både karbon, titan og downhill-maskiner med lang vandring. Toppmodellen var ein hardtail på 8,1 kg med stiv gaffel og titanramme til om lag 50 000 kroner. Her var det låg vekt som var målet. Festeskruer i titan og titankassett og elles XTR over det heile. Om det vart seld nokon eksemplar eller om sykkelen fungerte, ja det veit eg ikkje.

I jakta på lettare syklar, vart nettsida Weight Weenies starta i 2000. Her var det uavhengige vegingar av sykkeldelar som styrestem, gir og hjulsett, slik at folk kunne vite kva dei skulle kjøpe for å få ned vekta på sykkelen sin. Og sjølvsagt eit forum der «vekt-galningane» kunne dele røynsler med likesinna.

I racersykkelverda der påkjenningane på sykkelen ikkje er like store som i terrengsykling, har syklane no byrja å nærme seg 5-talet. Terrengsyklar har eit stykke att, men Cannondale sin toppmodell i Flash-serien er vel om lag 7,5 kg med ei karbonramme utan vektbegrensing, 110mm dempegaffel, og flex i baktriangelet!

Read Full Post »

Det beste provet på at ein er blitt det som i psykiatrien går inn under diagnosen hakkande galen, er når ein tek til å vege sykkeldelane sine på digital kjøkenvekt. Helst ei som er så nøyaktig at går ned til 0.1 gram. Vel, mi kjøkenvekt går ned til 1 gram, og det er førebels godt nok for meg. Førebels… Faste lesarar har fått med seg at tida er mogen for revisjon av (les kjøpe flunkande nytt, som eg strengt teke ikkje treng..)  drivverket på sykkelen min. Eg har tinga ny krank med integrirt lager frå Kcnc (designed in UK, machined in Taiwan. Trass i at dei har kverna ut prototype og idé i England, er det altså rimelegare å sende cnc-maskina til Taiwan, slik at lægre betalte arbeidarar kan trykkje på knappane og pakke ned det ferdige produktet. Økonomi er vanskeleg, som Jon Hustad plar seie), og kassett frå SRAM. I tillegg har eg liggjande ikkje mindre enn to kjeder (ubrukte og i originalemballasje, frå eit tidegare storinnkjøp frå Sverige). No må eg berre skaffe meg eit kranklagerfesteverkty, så er det klart for montering.

Dei som har litt kjennskap til sykkelen min, vil kanskje stille kritiske spørsmål til vektreduksjonen, då eg har ganske tunge hjul og dekk.  Styre, setepinne, gaffel og pedalar er heller ikkje av lettaste sort, så sjansane for å få ein lettvaktar er nok heller liten. Men eg drøymer om noko større der framme.. Ny sykkel.. Og då er det ikkje så dumt å ha ein «delesykkel» med litt hi-end-utstyr.

750 gram inkludert lager, spacers, boltar, festeskruer og ei lita tube med Mystical P-1100 Metallo-Organic Complex!

Read Full Post »