Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Fotball og bilkøyring’ Category

Året overgang: Flytta frå Voss til Førde. Slutta som vinkelner og byrja som bakar. Frå Grand Cru til grovbrød. Frå kveldsjobbing til tiiiidlig opp.

 

Ungane er søte, men sit sjeldan stille.. Her sat dei i allefall i ro i 1/60 sekund.

Lik ettersmaken av ein fløyelmjuk burgunder, kverv minnet om sjølv den beste vin med tida. Men nokre syrefriske set då spor i den mentale harddisken. Nokre gonger vert det skribla ned smaksnotat, andre gonger endåtil blogga om minnerike vinar. Svært mange av dei mest minnerike er så sjeldne og dyre at dei nok aldri vert smakt igjen, og det kjennest litt dumt å ikkje kunne formidle opplevinga i ord rike nok til å romme denne smakseksplosjonen. Men slik er det vel. Nokon har sagt at å skrive om vin, er som å danse om arkitektur. To som skriv bra om vin er Ole Martin og Rune.

Når ein skal til topps, er det som regel slik at fjellet kjem ikkje til deg, men du må gå til fjellet. I år var eg så heldig at fjellbygda Voss fekk besøk av eit par toppar. I januar kom Dirk Niepoort og Lois Seabra innom og mykje god vin vart servert. Eg fekk også invitasjon til Porto og Douro. I mars fekk vi besøk av Etienne Grivot med familie, frå Domaine Jean Grivot. Det vart ei flott smaking  av vinar frå Vosne-Romanée  og Nuits-Saint-Georges frå kommune- til Grand Cru-nivå. Mellom høgdepunkta var ein 1. cru Aux Reignots 99, rik, fruktig og litt utypisk Vosne. Laga i berre 300 flasker..

Lista:

Årets Champagne: Det vert nok Jacques Selosse VO, servert saman med mykje anna god vin og familie i Gøteborg. Runner ups er ein flott Roger Brun Cuvee des Sires la Pelle Extra Brut 2004 på Sandane og Selosse Vintage 99, servert til Niepoort og følgje i januar.

Årets beste gjensmak: Leroy Vosne-Romanée 04, då hyggjeleg Sunnmøring gjesta hotellet.

Årets vertikal: Ikkje noko vanskeleg val, dette. Servert på Quinta de Napoles i april. Niepoort Colheita 1937, 1934, 1912, 1900 og 1863. Sjeldan gamal vin vore så vital!

Årets eldste: Også frå Porto-turen. Servert utpå kvelden på avslutningsmiddag i lageret i Vila Nova de Gaia. Ein Niepoort Vintage frå 1840-åra, litt usikkert eksakt årgang. Bar preg av å vere på hell, men absolutt drikkbar. Det kan ein ikkje seie om alle 170-åringar!

Årets siste vin frå kjellaren på Park: Chateau de Fonsalette 2001. Også ein av årets beste raude. I selskap med gode kollegaer.

Årets mest oppløftande Loire chenin blanc-vin: Patrick Baudouin Anjou Les Saulaies 08.

Årets høgdepunkt frå eigen kjellar: Fourrier Gevrey-Chambertin VV 02. Løftar seg over vanlig kommunenivå. Elegant til Gevrey å vere. Forførande og smooth. Heldigvis har eg ei til.

Årets beste kvite: Mykje godt, men trur nok at Soalheiro Primeras Vinhas 2007 var den mest spanande.

Årets kvite søte: Fritz Haag Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Auslese Goldkapsel 1992. Mogen, frisk, konsentrert og topp balanse mellom syre og sødme.

Reklame

Read Full Post »

Keep working that pedal steel

No som eg har førarkort er det jammen lett å setje seg bak rattet og utan mykje strev kome seg rundt. Men ein må jo halde seg i form og rekesalaten skal no forbrennast, så då vel eg stadig vekk sykkelen til og frå barnehagen eller Vangen. Då eg sykla opp Sivlevegen ein dag, prøvde eg å halde eit noko høgare gir frå flata og opp stigninga. Eg klarte å kome heilt opp med 2:5-utveksling, altså midterste krank og femte kranstannhjul. Når eg har A på slep må eg ned i 2:3 eller 2:2. Ah, tunge trakk, men no har det byrja å knirke veldig i kranken/lageret, så tinging er send til Sverige etter nytt stål og alu. Men i ettertid har tvilen kome. På sykkelrelaterte fora på nettet vert det hevda at nye utanpåliggjande lager ikkje held mange mila, medan dei gode gamle «square taper», held i det lengste av løp. Vel, mitt har no fungert knirkefritt fram til no, ti år til saman. Har eg kjøpt katta i sekken? Eg tek debatten her i kommentarfeltet! Har du eigne røynsler på feltet, så hiv deg frampå.

Read Full Post »

Sumarferie innaskjærs i år, men kystnært. På fire hjul. Fleire bilete vil kome.

Read Full Post »

Alle vegar fører til Rom, vert det sagt. Jau, det kan so vere, men jammen finnst det mange alternativ når ein skal til Duesund også! Eg hadde lengje drøymd om å ta ein annan veg enn den vanlige over Kringla og ned langs fjorden. I dag vart det høve, då far min og eg reiste på ekspedisjon med utgangspunkt Masfjorden. Målet var Solund, og ein matbete på omtalte Solund Bryggje. Vi byrja tidleg morgon med kabelferje over til Duesund, før det bar vestover forbi Hosteland og Risnes før vi var over i gode gamle Sogn og Fjordane og Gulen kommune. Så var det rett nordover på austsida av Eidsfjorden, forbi Grinde, Molde, Dalsøyra, Nese, Haveland og Nordgulen, før vi kom over eit lite fjell og ned til Rutledal. Ferja til Krakhella var innom Losna, og brukte gode 40 minutt. Vegen til Hardbakke var smal, men vi kom no fram og fekk oss god fiskesuppe med brød attåt. Så var det attende. Far bak rattet og eg bak Nikon. Frå Rutledal bar det no austover til Brekke, der vi svinga oss opp på fjellet og gjennom Ynnesdalen. Ein stopp på Wergeland-bautaen, og så vidare. Alltid vidare. I enden av Ynnesdalsvatnen var vi over att i Hordaland, og Duesund var ikkje langt unna.

Øya Losna i Solund kommune rett forut.

Fiskesuppe og litt Petit Chablis på Solund Bryggje.

Ferjestaden Krakhella.

Smal og svingete veg, med kyr og skit opp til 480 moh.

Det er jo Wergelandår i år! «Brød av Steen og Aand af Strile»

Read Full Post »

Dette vert nok den siste postinga frå Rypefjord. I morgon reiser bilen, på torsdag går flyttelasset og fredag flyr vi. Leiligheita er fyllt opp med kassar og øskjer, og lausøyre flyt rundt i påvente av å kome i dei siste eggkassane. Om lag 23 banankassar er allereie fulle, og det vert ein god del fleire. I bilen vert det no stappa det vi er gode for.

På laurdag var vi ein tur på Seiland og var innom laurdagskaféen på butikken i Hønseby. Randi fekk også besøk og vi fekk kaffi og heimelaga kaker.

I dag var eg i Alta og fekk prøve meg på glattkøyringsbana, og det vart cruiseing over Sennalandet i 90 og vel så det. Eg køyrde ikkje på rein, men rett før Grøtnes køyrde eg nedi eit hol i asfalten og punkterte høgre bakhjul.. Så var det fram med jekk og greier. Køyrelæraren tok det heldigvis fint, han har nok til salt i grauten og vel så det.

Ingeborg og Aili tek ferja. Quiz: Kva bok av godt likt vestlandsforfattar vert det hinta til i bileteteksten?

Hønseby i mai.

Read Full Post »

Hadde besøk av H og A i helga, og sjølv om det var høgtid, var det på høg tid å legge om til sommardekk på bilen. Så A og eg fekk jobben gjort i ein fei, medan snøen lava ned. La også merke til at mønsterdjupna på bakdekka var farlig grunn. Vi må nok belage oss på eit lite utlegg til to nye dekk.. Så no snøar det tett, og vi har to dekk utan mønster. He he. Let’s hit the road! Kanskje er det tida for å lære seg brekksladd?

Read Full Post »

Det går ikkje akkurat unna med korkje fotball eller bilkøyring. Men eg har fått spela ein del volleyball dei siste måndagane. Så også i dag. To timar og førti minutt med intensive mottak, opplegg og angrep. Og eit par vellukka blokker. Ai ai ai. No er eg heilt gåen. Kjekt å kome heim att til den vesle prinsessa. Postar like godt eit av dagens bilete av henne.

Read Full Post »

2-2

Jepp, i går var eg ute i gatene i Hammerfest igjen. I bil, bak rattet. Som sist, Knut i passasjersetet og landskamp på radioen. Denne gongen vart det uavgjort, men det fekk vi ikkje med oss før litt seinare, for vi var sjølve i aksjon på Herretrim ™ på Baksalen skole. Måla var kanskje ikkje like spektakulære som landslaget sine, men god trim var det.

Read Full Post »

Ja, ryktene er sanne, i dag har eg nok ein gong gjort gatene her i Hammerfest til ein usikker stad å vere. Knut G stillte opp og sat som rettleiar i passasjersetet, medan eg tok meg av blinklys, clutch*, lys, ja kort sagt – eg køyrde bil! Det gjekk som det kosta etter vegane, og eg var før Noreg hadde slege Argentina 2-1, innom både Forsøl, Fjorden og fjerdegir. Eg klarte diverre ikkje å køyre ned nokon reinsdyr, men det kjem seg vel med litt øving. På Statoil i Fjorden kjøpte eg nye vindaugsviskarar til, hald deg fast – 152 kroner stk! Vi skulle noko vore litt framsynte å kjøpt dei på vår tur til Sverige.


Slik var det i vinter, men snart vert det andre bollar!

*Dette trur eg er fyrste gong i livet eg har skrive ordet clutch. Eg trur ein og kan nytte den norskare forma kløtsj. Norsklærarar eller andre meir eller mindre fanatiske språkvaskarar får rette meg om det ikkje stemmer.

Dette er også den fyrste postinga i den flunkande nye kategorien «Fotball og bilkøyring». Eg er usikker på om det vert mest fotball eller bilkøyring, men eg gler meg i allefall over ein ny og inspirerande kategori. I dag var det eigentleg planar om fotball, men så vart det altså bilkøyring. Du og du.

Read Full Post »