Det er sjeldan nokon ringjer til meg, men no er det faktisk ikkje mogleg i det heile. Det skulle kome eit nytt SIM-kort frå min teletenesteleverandør, men det vart send til mi førre adresse. No har det kome i retur og er send ut att, så vonaleg har eg det på mandag. Skulle det vere noko, kan de prøve å ringje kona. Ho er ofte i min nærleik.
Archive for the ‘EDB Solutions’ Category
Telekomunikasjonsproblemer
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on mars 25, 2006| Leave a Comment »
Ny lenkje
Posted in EDB Solutions, In vino veritas on mars 20, 2006| 4 Comments »
De mange tusen lesarar av denne bloggen som har sakna vinstoff i det siste kan no flytte fokuset til vinpressa.no, som er ei side eg har laga for å få utlaup for vinøst skribleri. Lenkjen vert også å finne på høgremargen til seinare bruk. Eg vil takke kompanjong og structural engineer Håvard Grimelid, som har stått for det edb-faglege bak vinpressa.
Veslejulafta
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on desember 24, 2005| 1 Comment »
Bror min og eg vart sjølvsagt sitjande oppe til langt på natt å spele Deluxe Ski Jump..
.. men vi var begge ute av trening og klarte ikkje å nå K-punkt i nokon av bakkane.
Jubileum
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on oktober 14, 2005| 6 Comments »
Ja, då har denne bloggen faktisk vore oppe i eitt år! Eg vel å gratulere meg sjølv, og så får de berre leggje inn dykkar hjartelege gratulasjonar i kommentarfeltet.
No ser ting litt anleis ut enn for eitt år sidan, då eg hadde eit sosialt liv i Bergen med mykje kulturelle aktivitetar. Hammerfest er ikkje det same, men her skjer andre ting. Det vert spanande å sjå kvar eg er neste gong det er jubileum for bloggen.
For å markere jubileet, et eg litt på ein mjølkesjokolade som låg att frå i går. Kanskje eg skal sjå om eg finn litt gamal chips òg.
i gamle dagar, då..
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on august 31, 2005| 1 Comment »
«Kva gjorde gutar før internett?» spurde Arild her ein dag. Vi prata over det internettbaserte telefonprogrammet Skype. Tja, kva gjorde vi? For det fyrste så kom jo internett snikande for om lag åtte-ti år sidan. Eg hugsar ikkje nøyaktig, men eg veit det var nede hjå Arild at eg fyrste gongen fekk kjennskap til dette. Sommaren 98 tinga eg eit fotoapparat (Lomo LC-A) frå Wien i Austerrike via internett og fekk det send til Besserud Postkontor, som på den tida var min næraste postfilial.
Men rett før internett, fram til midten av nittitalet, då fiska eg. Hadde mast meg til ei billeg flugestong frå ABU Garcia. Med snelle og snøre og fortom og etter kvart flugebindarsett. Batt fluger etter oppskrift og eige hovud. Kasta og øvde i Dalavatnet. Fekk ikkje så mykje. Var uansett mest kattefisk i Dalavatnet.
Elles var det fotball, volleyball og vanlege sysler. Nokre hadde tevespel og video. Men no er det heilt utenkjeleg med eit liv utan eksibisjonistiske bloggar eller stadige kjøp av anakronistiske fotoapparat frå Ebay.
Eg dreg ikkje, eg blir
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on august 6, 2005| 2 Comments »
Det ser ut til at det er noko problemer med å få kommentert her på sida, men ha tol, det vert nok ei ordning på den saka òg. Hugs at Rom vart ikkje bygd på ein dag, men seinare så fekk dei alle vegar til å gå i den retninga. Dersom det ikkje vert rom for å få dette ut att i rom sjø, så skal det nok stå to rom og cola når vi kjem i land. Vert det romsligare no, så vert det vel ein roman!
God natt.
Skype ™ or die!
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on januar 28, 2005| Leave a Comment »
Ring gratis! For godt til å vere sant? Tja, for dei som ikkje kan unnvere breiband så vert ikkje noko ekstra kostnader i tilleg.
Registrer deg i dag og ta del i Den Nye Teknologien ™!
Dekadensens høgborg – no lausriven frå rom
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on januar 17, 2005| 3 Comments »
Var så heldig å få trådlaust nettverk til åremålsdagen, så no vert det ein del tilbakelent sofasurfing. Det er kjekt men farlig. Men i dag har eg fri og timane kan berre gå.
Det nye året. Visjonar og vissvas
Posted in EDB Solutions on januar 2, 2005| Leave a Comment »
På årets andre dag var vi nokre karar og ei kvinne som tok turen til Midttun for å køyre litt go-kart. Det var kjekt og litt tungt. Eg kom relativt langt bak i feltet. Eg skuldar på lite køyrerøynsle dei siste ti åra. Ser også ut til at vi skal skaffe oss snorlaust nettverk. Som etablerte folk skulle det berre mangle at vi ikkje kunne sitje i sofaen å surfe. Eg ynskjer i året som kjem å ha fokus på raud Bourgogne og tawny portvin. Men det vert vanskeleg å unngå eit par spontankjøp av til dømes Cote Rotie frå 2001. Ser at 2002-årgangen er temmeleg dårlig i nord-Rhone og då vert det vel ikkje så mykje derfrå når dei vinane kjem på polet til våren. 2002 var derimot eit godt å i Beaune og Nuits …