He he, ja det har seg altså slik at eg no tener to herrar, eller eigentleg ein herre og ei kvinne. Eg har fått meg ekstrajobb som konditor på byens bakeri. Der vert eg gåande mellom jenter, medan mine kollegaer på kjøkenet på Rica er gutar alle saman. Dette til orientering.
Archive for the ‘Bli steinrik i ein fei!!’ Category
Mellom bannande baillhestar og røykande røyer..
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on april 3, 2006| 2 Comments »
Kameraquiz til Endre og Arild (og evt andre som slengjer seg på)
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on mars 9, 2006| 9 Comments »
Fekk (som så altfor ofte) med eit reklamebilag med BT som eg kjøpte i går på Narvesen i Hammerfest. Der oppdaga eg eit gamalt rangefinderkamera i hendene på ein skinnjakkekledd modell. Quizen har eitt spørsmål og det er:
Kva kameramodell er dette?
Vinnaren får premie!!
Kjøpefri dag
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Observert og klypt, Tant og fjas on november 25, 2005| 4 Comments »
Har du tenkt å markere verdas kjøpefrie dag? Les meir på Framtiden i våre hender sine sider og finn ut at dette kan også du markere i år.
Mange bekkar små..
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on juni 3, 2005| 1 Comment »
Eg hadde liste førre laurdag i Bt-magasinet og det ser ut til at eg får ei til med det fyrste. Og jammen har eg ikkje vunne nokre kroner på Flax-lodda! Så far, det er berre å hive seg rundt!
Listemania
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on mai 21, 2005| Leave a Comment »
Fekk liste på trykk i BT i dag og no vonar eg at FLAX-lodda denne gongen gjer at eg kan trekkje meg attende å nyte mitt otium. Kona var også representert i avisa i dag i fine fargar i saka om syklubben i magasinet.
Vi skal seinare i dag av stad å sjå Star Wars Episode 3 og i det høvet sjekka eg dei nye Lego-setta frå Star Wars-filmen. Dei har lansert Death Star 2 frå Episode 6 og det settet inneheld 3441 deler, noko som må vere rekord. No er det på tilbod (i USA i allefall) til 269 dollars, noko som skulle bli 1735 norske kroner. På ein god andreplass kjem Imperiaml Star Destroyer ™ med 3104 deler. Denne er for tida ikkje på tilbod. I Brighton i England har dei ein utstillt i the LEGO Store.
Ooo the dreadful wind and rain
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on januar 8, 2005| 4 Comments »
Eg fekk ein paraply til jul. Han er ikkje lenger kva han var.. Eg var nemleg ute i dag. Og frå Skuteviken til Torgallmenningen vrengde paraplyen seg seks tusen gonger. Han vil nok ikkje få oppleve ein ny vinter..
Etter mykje om og men har eg investert i nettverkselskapet ThinkTwice. Senare i dag kom eg også på andre tankar og kjøpte difor nokre aksjar i dotterselskapet SecondThoughts. Vonar dette vil kaste av seg.
3 – 3 på tampen av året
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 31, 2004| 2 Comments »
Sjenerøse Atle Nielsen har via plass til både far og son i siste BTmagasin dette året og med det vart det 3 – 3 i kampen om fyrstemann til tre lister mellom far og son. Fattern si liste var vel av ålmenn interesse, medan mi liste over beste LEGO-katalogar må vel vere på nerdekontoen. Takk allikevel og så får vi sjå om det vert millionvinst på FLAX-lodda..
Det vert eit rotterace!
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 12, 2004| 2 Comments »
Ja så fekk altså fattern inn ei liste i går. Eg har ikkje jobba hardt nok og sleppt inn baklengs. Skal dette verte avgjort før jul eller må vi vente til etter nyttår? I og med at dei neste laurdagane fell på jolafta og nyårsafta er eg usikker på om BT skal gje ut vanleg laurdagsavis med magasin eller om det kjem ut avis i det heile? Kanskje vert det fredagslaurdagsavis? Spanande vert det i allefall for oss som mentalt er 50 år eller meir, og tykkjer at jolemagien ikkje er like sterk som før Coca Cola fann opp nissen, og jolemarsipanen kom i oktober.
Eg har no vunne 50 kroner på dei fem flax-lodda eg har motteke til no. BT skuldar med fem til, så kanskje..
2 – 1 til sonen!
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 4, 2004| 3 Comments »
Då er det nytt lag i leiing. Med gamle rifflister så vart det scoring, men no må beggje lag vise kreativitet skal kampen verte avgjord før jul. Eg veit ikkje om fattern har send inn lister i det siste, men han antyda at han var litt i beit for idear. No må eg få send adressa mi til herr Nielsen, slik at det vert flaxlodd før jul.
1-1 og uavgjort ved pause
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on november 27, 2004| 1 Comment »
Etter å ha lege bakpå og prøvd på nokre halvhjarta kontringar, vart det endeleg utteljing for sonen! Etter ei lang natt med elleve timars jobbing, var det godt å kome heim å lese at eg hadde fått publisert ei liste.
No gjeld det for sonen å halde presset oppe og hindre baklengsmål. Fattern kjem nok til å prøve nye taktikkar no som skeise- og ti i skuddetlistene byrjar å ta slutt.