Quiche med kantarell. Små quiche steikte i creme brûlée-former. Fyll er steikt kantarell, bacon og sjalottlauk. Så litt riven sveitserost og stand av eggeplomme, kaffifløyte, salt og pepar.
Litt vin til quiche og kveldskos. Clos Saint Yves 1997 frå Domaine des Baumard. Chenin blanc-basert vin frå appellasjonen Savenniéres på nordsida av elva Loire. Spesialbestilt og henta hjå Bjørn på polet i Førde for nokre år sidan. Hadde på den tida trua på relativ lang lagring for tørre chenin blanc-vinar. Er ikkje like sikker i dag. No er ikkje denne vinmarka rekna til dei beste i appellasjonen, så kanskje vin frå ei betre vinmark og enno betre produsent kunne bli det heilt store med tida? Det er somme som meiner at Huet sine tørre Vouvray kan lagrast i 30-40 år.. Denne vinen var typisk chenin blanc med marsipan, ullsokk og kvede på lukt. Heldigvis var ullsokkpreget mindre på denne vinen enn ein eg drakk med Rune på Cru for nokre år sidan. Vinen er ok, men det manglar noko i smaken, kall det ein x-faktor. Til kantarellquichen vart vinen betre, sjølv om det ikkje var noko aroma av sopp i vinen. 2004-årgangen finnst på polet til 198,-
Legg att eit svar