På måndag er det valdagen, men viktigare er det at no byrjar bokhausten! Og for dei som har kika innom ein bokhandel i fylket vårt, så veit de at jau, dei har dei siste bøkene til Jo Nesbø og Anne B. Ragde, men viktigast er nok bøkene om oss sjølve. Turbøker, lokalhistoriske vegvisarar, lokale skrøner, lokalhistorie og prydbøker frå fjell og fjordar. Her kjem eit lite glimt av floraen av bøker du snart vil finne på din lokale bokhandel.
Stig inn, for faen! Portrettbok frå Stig Roger Eide med interjvu av tjue kranglefantar frå fjordfylket. Oddleiv Apneset har teke bileta.
Dei sveisa Sunnfjord saman. Fyrste bok i eit fembandsverk om Ankerløkken og verftshistoria i Førde og Florø. Oddleiv Apneset har teke bileta. Denne vil nok liggje under mange juletre.
Dei brann for Halbrend. Kulturhistorisk vegvisar for Halbrend, Holten og Pernillevegen. Praktbok med mykje spanande frå eldre og nyare historie om Halbrendstraktene.
Stang ut. Hans Jakob Reite med skråblikk på Firda si dekning av lokalfotballen.
Mellom ørekyter og Ålhus. Johs B. Thue si bok om symjeopplæring på Jølster før og no.
Lakabodl! Finn Tokvam og Olav Stedje har reist rundt i Sogn på jakt etter dei største skrytepavane, nolevande og historiske. Oddleiv Apneset har teke bileta.
Sólo dame una señal. Ein spansk studie av signalbygg i norsk samtid frå 2009. Eit lite kapittel om dei planlagde signalbygga i Førde også. Kjem i norsk omsetjing ved Ragnar Hovland på Selja Forlag. Denne vil nok liggje under mange juletre.
Stig oppi gryta. Stig Roger Eide si kokebok for store og små på tur.
Mot toppen i lett fottøy. Arve Sandal si bok med gode tips og innsideinformasjon om dei 75 viktigaste motbakkeløpa i fylket. Uvurderleg for deg som siktar deg inn på topplassering i Gåsenipa Opp eller for å klare merkjet i Dragseide På Skrå.
Elles vil Operaen i Nordfjord setje opp Få meg på for faen, og Sogn og Fjordane teater set opp eit stykke basert på Olaug Nilssen si novelle «Glassnikkaren» frå sjuende klasse på Førde Ungdomskule.
Jau, dette let seg høyra! (- og lesa).
Nokon burde også ta pennen (Mac’en el. PC’en) fatt og skriva ei ny soge om Sogndal Fotball. Eg kunne sett for meg mang ein forfattar av ei sovoren bok, og nemner i fleng:
Ein av mange Navarset-karar, frisør Flåten, ein oppsitjar på Lundamyri, Raunehaugen, Lerum 1, 2, 3 4……., Finn Tokvam, Ragnar Hovland eller bror hans, Resalands-karane, Kenny Dalglish, Kjetil Rekdal saman med Eirik Bakke, Knut Christiansen saman med Svein Bakke, Willy Ljøsne, Johan Johannesen, Finn Stedje og bror hans, journalisten.
Framlegg til slike som absolutt ikkje burde skriva ei slik bok:
Johs B. Thue, Johs B. Thue, hr. Arnestad («forskaren»), Knut Nesbø i TV-sporten eller bror hans, forfattar Jo Nesbø, Stig roger Eide, Atle Stang Ut, Davy Watne, Johan J. Jakobsen, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Johs B. Thue, Shampo Knutsen, Pondus-forfattaren med røter i framtidsfylket.
Den siste seriøse boka om Sogndal Fotball kom ein gong på 1980-talet, trur eg. Forfattar: Kvinesdølen …………(namnet fall ut). Boka ligg på hytta i Sogndalsdalen.
I min førre kommentar gløymde eg sjølvsagt å nemna at det er skrive ei krimbok med tema kring Sogndal Fotball, om kva som kunne ha føregått i skumle kjellargangar under Fosshaugane Campus, intrigar mellom lokale sponsorar av velkjend merke…..m.m.m.
Forfattar: Rune Timberlid (-som eg gjekk på realskulen i lag med).
Boktittel: Dødball.
Kudos