Det knirkar! Tid for å fornye sykkelen, og for å spare nokre gram. Fjorårets store investering var nytt drivverk med den frekke KCNC-kranken som krona på verket. No skulle Sykkeldoktoren i Kvernberget ha noko frå salet til CRC, så då slo eg meg med og vi fekk det fraktfritt. Eg hadde eit sete liggjande frå ein tidlegare handel, men fekk ikkje bytta det ut, då festeskruene på setepinnen var rusta fast. Då vart det ny setepinne i denne omgang og nytt komfortabelt sete på plass. Komboen var (hald deg fast) 6 gram lettare enn det som stod på før.. Ja ja, alle monnar drar. Dei frekke Brooklyn Machine Works-pedalane med brusopnar var diverre slitne i akslingen, så dei har også hamna på sykkelkyrkjegarden.
No er det desse lette og fine NC-17, som skal vere plattform for turar og trakk. 386 gram/paret, og heile 458 gram lettare enn the Shinburgers frå New York!
Og for å hindre vatn og skit i augene; Evil Eyes! Mange tøffe namn på syklar og delar. Hmm.. bloggstoff? Skal sjekke det ut litt meir, og kome tilbake med meir.
Eg har montert heildekkande skjermar på landevegssykkelen, og planlegg korg på styret på jobbsykkelen. Stilpolitiet har ståande arrestordre (og i Oslo er det sol).
Forsvann knirkinga?
Stilig Arild! Skal du ha rosa korg?
Andreas: Nei, det er framleis knirking, men truleg er det frå ein anna plass..