Frukosten på hotell Aqua Pura er det ikkje noko å seie på. Buffeten er sett opp inne i «vinrommet» til restauranten, og her som elles på hotellet er det mørkt og brunt og stille og lunt. Litt stearinlys her og der hadde kanskje gjort seg? Frukostservitørane er heilt tida på pletten med meir kaffi, jus eller anna drikke. Men vi skal tilbake til Quita de Nápoles for meir vin. Dette vinanlegget er for produksjon av svakvinane til Niepoort, raude, kvite og rosé, medan portvinane og raudvinen Charme, som alle er fottrakka og gjæra i sementlagares, vert vinifisert litt lenger oppe i dalen, i Vale Mendiz. No er det klart for vinmesse, og produsentane frå gårsdagens smaking er på plass, saman med ein del andre Douro-produsentar og nokre spesielt inviterte produsentar frå Bairrada. Messa foregår nede på kjellarnivå i anlegget, mellom ståltankar og eikefat. Anlegget har tre nivå. Øverst kjem druene inn og vert pressa/knust og går ned i gjæringstankar som står på andre nivå. Etter gjæring går så vinen ned til tankar/eikefat som står på kjellarnivå.
Det var mykje godt å smake på, men mykje fersk og tanninrik Dourovin, set gummane på ein prøve.. Quinta de Vale Meao 09 og Quita de Crasto Old Vines 08 var dei beste. Men den største overraskinga var vinane frå Vinhos Bussaco. Dette er eit overdådig hotell som ligg inne i ein skog, ein time sør for Porto, som lagar vin frå hotellet sine eigne vinmarker. Og vinen er kun for sal på hotellet, i tillegg til i Brasil, Tokyo og Macau! Den raude er laga på druesorten baga, som kan vere veldig stram og tanninrik i vinens ungdom. Produsenten hadde heldigvis med litt eldre utgåver. Litt gamaldags vin i ei rustikk stil, men med mykje smak og karakter. Dei kvite vinane kjem frå druesortane maria gomez, encruzado og bical, og er komplekse, rike vinar, men med bra syre. Det vart også høve til å smake nokre av Projectos-vinane til Niepoort. Bastardo er ein eindruevin frå Douro, frå ein druesort med veldig tynt skal, som gjev ein lettare og meir elegant vin. Ladredo er ein vin frå Ribeira Sacra i Spania, som også var eit prosjekt for å prøve å få til ein litt meir elegent vin, frå eit område med mykje tunge vinar. Niepoort har også vore ein tur i Jerez, og har der ingått eit samarbeid med den nye og trendy (ja faktisk) sherryprodusenten Equipo Navazos. Dei lagar vinen med det svært jordnære namnet, Vino Blanco. Dette er ein vin frå jerez som er laga akkurat som ein fino sherry, men utan å sprite han opp. Alkoholen er difor berre 12,5%. Eg fekk med ei flaske heim for å teste. Følg med på bloggen for smaksintrykk i næraste framtid. Innimellom vinintrykk var det også mogleg å få seg noko å bite i. Men det var ganske trangt etter kvart. I tillegg til alle utlendingane som var på smakinga på fredagen, var det invitert om lag 500 frå den portugisiske vinbransjen. Men det var mat til alle. Kanapéar og østers stod på bord i andre nivå, og for fiske- og kjøtrett på tallerken, var det berre å stille seg i matkø. Litt confit de canard gjer godt i kroppen. Etter dessert og nokre portvinar (White 10 years old, Colheita 2001 og Vintage 87), var det for nokre av oss transport med buss attende til Vila Nova de Gaia og hotellet.
Etter ein kort pustepause på hotellet, var det avreise til lodge-en til Niepoort i Vila Nova de Gaia. Her vert all portvinen lagra på fat og flasker før sal. Eit eige rom er for garrafeira, som er ein portvinstype som det berre er Niepoort som lagar. Etter nokre års fatlagring vert portvinen tømt over i glasflasker som er på 7-11 liter. Så ligg vinen i desse i 10-50 år. Vinen vert så tappa på vanlige flasker for sal. Dette er veldig skjeldne og kostbare vinar. Vi fekk smake ein 1948-årgang. Veldig elegant og avslipen portvin, nesten som ein raud burgunder.
Både gamle og nye vener av Dirk og hans team, hyggja seg i den mørke kjellarhallen. Spekemat, småmat, brød og fiskegryte vart severt, medan vinane som kom i glasa vart eldre og eldre. Vi byrja med Redoma Branco Reserva 09, ein heilstøypt kvitvin frå gamle vinstokkar. Vidare kom Charme 2002, kraftpakken Batuta 2001, Quinta do Passadouro 1994 og den fyrste årgangen av Redoma Tinto, 1991, ein skikkeleg flott vin, som hadde tålt sine 20 år på ein framifrå måte. Så var det dessert og kaker, og klart for portvin. Vi starta friskt og mørkt med Vintage 2000. Så fekk vi eit eksperiment med to utgåver av Colheita 1976. Den eine tappa i 1985 og den andre i 2007. Flotte vinar beggje to men den «nytappa» hadde ein meir uttalt sødme og var meir svulstig. Den gamle meir elegant og rettlina. Endå meir elegant vart det med Garrafeira 1948. Etter ein rundtur i den svære Tawny-kjellaren kom Dirk med kveldens eldste vin, ein Vintage frå 1840-åra, eksakt årgang var ukjend. Framleis med bra sødme og portvinspreg, men også teikn på å vere i forfall. Uansett ikkje verst for ein vin på 170 år! Det er ikkje alt som kan lærast på eit universitet, og Dirk var oppteken av denne empiriske kunnskapen som er bygd opp gjennom fem generasjonar med Niepoort (og Nogueira, som er dei som har vore vinmakarar for Niepoort sidan starten). Det er mykje å tenkje på når ein skal foredle druematerial og vinar som kanskje ikkje skal drikkast før om åtti år. Då er det godt å ha ein far eller bestefar som har vore med i gamet, og som kan gje gode råd. Kunnskap er smakt.
Douro er eit fantastisk vindistrikt, med mykje spanande vin. Eg fekk ikkje tid til å gå rundt i sjølve Porto, så eg må nok kome attende ved eit seinare høve..
Legg att eit svar