Etter ei lang reise via Flesland, Gardermoen og Frankrfurt, var eg endelig framme i Porto. Eg visste ikkje så mykje om opplegget, men etter insjekk på hotellet i Villa Nova de Gaia, var det transport til heimen til Dirk, der det var party i hagen. Forutan vinjournalistar frå Spania, England, Japan og Finland, ein og annan sommelier, så var det mykje kjende vinmakarar. Julian Barbier frå Champagne R&L Legras, Jean-Marc Pillot frå Chassagne, Wilhelm Haag frå Mosel, Luis Cerdeira frå Soalheiro, Eric Rousseau frå Gevrey og Michael Moosbrugger frå Schloss Gobelsburg i Kamptal. Og sjølvaste Jean Francois frå Tonnelerie Francois Freres. Salatar, grillmat og ost kom på bordet og vinane kom stort sett frå store flasker. Høgdepunkta var ein Chassagne-Montrachet Morgeot 1992 frå Bernard Morey i 3-litersflaske og ein Bairrada frå 1995.
Neste dag var det busstransport i to timar oppover Dourodalen, til eit fancy, men noko spesielt hotel, som låg litt forbi Regua. Her vart det forfriskningar og litt mingling før det var lunsj utandørs under parasollar i nydelig ver. Maten var visuelt bra, men svikta på smak og i kombinasjon med vinane. Forretten var ein «gazpacho» av ananas med ein urtesorbet. Søtt og dessert-aktig, og den tørre vinen Niepoort Tiara 09 vart smaklaus i lag med det søte. Så var det ein rett med eple og laks, som også var for søt. Hovudretten var ein tournedos av kalv, som var god, dog litt kald, medan garnityr og saus var heller ordinært. Redoma Tinto 06 funka bra til denne retten. Før desserten var det ein pre-dessert med mint og vodka! Sjokoladedesserten var god og mektig, og det skulle berre mangle når vinfølgjet var nytappa Bioma Vinha Velha 08, ein enkeltvinmarksportvin frå Niepoort.
Så var det transport til Niepoort sin Quita de Nápoles, litt lengre opp i dalen. Flott anlegg, som vart bygd på ni månader i 2007, akkurat klart til inhaustinga. På vegen er det fine muligheiter for å studere vinmarkene som for det meste ligg i terrassar oppetter dalsidene. Det er eit imponerande arbeid som ligg bak alle steinmurane som det har teke fleire hundre år å byggje.
Så var det klart for smaking. Niepoort er ikkje berre vinprodusent, men også importør. På smakinga fekk vi smakebitar frå nokre av dei produsentane Dirk set høgast. Det var mellom tre og fem vinar frå kvar, og dei fekk høve til ein kort presentasjon av seg sjølv, sin eigedom, og sine vinar. Men det var Niepoort som fekk starte, og for ein start! I motsetning til dei andre som presenterte vinar, hadde ikkje mannen som presenterte dei vore med å laga vinane. For her var det vinar frå fyrste, andre og tredje generasjon Niepoort. Colheita er ein type tawny portvin, der all vinen er frå ein årgang. Så ligg vinen på fat i mange år, helst så lenge som mulig i følgje Dirk, men av og til må ein jo ha noko og selje. Då vert vinen tappa på flasker, og er klar for sal. Årgangen står på etiketten, samt året vinen vart tappa på flasker. Vi fekk smake 1937 (tappa 1995), 1934 (tappa 1981), 1912 (tappa 1978), 1900 (tappa 1972) og 1863, her fekk eg ikkje med meg tappeår. Ekstreme vinar som er dyre, sjeldne, unike og veldig gode. Favorittane var 1934, som har ein enorm konsentrasjon, og smakar karamell, fudge, knekk og godsaker, men med ei balanserande syre. Og 1863, 148 år gamal, men i full vigør. Melkesjokoladebrun med gul kant. Med smak av sjokolade, appelsin og raude bær. Laaang ettersmak.
Så var det klart for franskmenn, spanjolar, austerrikarar og tyskarar, som alle skulle hoppe etter Wirkola. Eg er kanskje litt usamd med rekkefølgja på smakinga, men dei ønskte at alle skulle vere skjerpa og klar til vertikalen med Colheita, så difor kom den fyrst. Det vesle Champagnehuset R&L Legras held til i Chouilly heilt nord i Côte des Blancs, og lagar stramme syrlege vinar på chardonnay. Standardcuvéen med vin frå 07 og 06 var flott balansert, frisk og epleprega. Toppvinen St. Vincent 96, var litt tilknappa, så den ville eg ha lagra nokre år til. Frå Schloss Gobelsburg i Kamptal i Austerrike vart det skjenkt både ung og mogen riesling. Mykje godt. Så til nabovindistriktet Vinho Verde, og produsenten Soalheiro som lagar vin på druesorten alvarinho. Her var det mykje godt og ein av favorittane frå smakinga var ein Alvarinho Primeras Vinhas 07. Aromatisk, kompleks, grøne frukter og gule plommer. Fin feit finish, seriøs og interessant!, er det som står i mine notat. Så kom to produsentar av kvit Burgund. Jean-Marc Pillot, jovial pratmakar frå Chassagne, og Jean-Marc Roulot, rolig kar frå Meursault, som også driv som skodespelar i Frankrike på film og fjernsyn. Tidsskjemaet byrja å bli knapt, og det gjorde det ikkje betre at Spanias infant terrible, Telmo Rodriguez, aggiterte for samanslåing av Spania og Portugal til eitt sterkt Ibera! Dirk forsøkte å kneble debatten, og introduserte Eric Rousseau, frå Gevrey-Chambertin. Vi fekk smake kommunevinen i 07, Lavaux-Saint-Jacques 07 og Clos de la Roche 08. Sistemann ut var gamlefar Wilhelm Haag, som no har late sonen Oliver take over drifta. Dirk introduserte Wilhelm som hans spirituelle far, bror og leiestjerne. Vi byrja med ein Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Trocken Gosses Gewächs. Vanskelig namn, god vin. Til slutt var det ein Auslese Goldkapsel frå 1994, ah!
Så var det tid til å strekkje på beina, medan det vart dekka til middag. Gode, enkle rettar vart servert og vinane som kom i glaset står på veggen på bilete over. Legg merkje til dessertvinen, Niepoort Party Port, ein 20 year old tawny, tappa på 2,15-litersflasker! Desse var diverre ikkje lovlege å selje, så vinen er til heimebruk. Så var det buss attende til hotellet og senga. Neste dag var det klart for meir vin..
Knall!
Brutter`n skrellar bananer med dei store, ha! Kult!
Gleda meg til å høyre meir frå denne turen.
Eg er storleg imponert, over mykje, ikkje minst det å skrive så mange namn rett og utan nøling!
Eg vart svimmel etter å ha lese halve soga, og det utan å ha smakt ein dråpe av godsakene!