I Førde på slutten av 80-talet og på byrjinga av 90-talet var det for dei fleste DBS som var sykkelmerkjet. Vi var kanskje den siste generasjon som var lulla inn i NRK-monopol og før internett gjorde informasjon demokratisk, kaotisk og tilgjengeleg for alle. DBS var norsk og solid, medan Nakamura, TWS, Cresent og Diamant var Taiwan, billig og ubrukeleg. Byrjinga av 90-talet var også då sykling vart noko meir enn transport og leik. Det vart hopp og sprett og ut i skogen, eller «off-road». DBS hadde ikkje nokon off-road-syklar, sjølv om dei hadde eit par modellar som heitte nettopp det med 15 og 21 gir. Seinare kom Kilimanjaro DXL 21, som eg også vart eigar av, eit beist på ca 20 kg med skjermar og bagasjebrett, og hjulsett og bremser som ikkje tålte skogsbruk. Så i 1993 lanserte DBS ein eigen terrengsykkelserie, Intruder! Med eigen katalog og syklar med aluminiumsrammer, Shimano LX, XT, XTR og dempegaffel. Dette var syklar med betre hjul og grove dekk, og med vekt ned mot 11 kg, skikkelege terrengsyklar. Til konfirmasjonene i 94 kjøpte eg «Intruder XT2000» som hadde stålramme, stiv gaffel og eit langt styrestem. Utover 90-talet vart Intruder-katalogane meir ambisiøse. Salet av dyre syklar auka, og i 96-katalogen hadde DBS Intrudermodellar i både karbon, titan og downhill-maskiner med lang vandring. Toppmodellen var ein hardtail på 8,1 kg med stiv gaffel og titanramme til om lag 50 000 kroner. Her var det låg vekt som var målet. Festeskruer i titan og titankassett og elles XTR over det heile. Om det vart seld nokon eksemplar eller om sykkelen fungerte, ja det veit eg ikkje.
I jakta på lettare syklar, vart nettsida Weight Weenies starta i 2000. Her var det uavhengige vegingar av sykkeldelar som styrestem, gir og hjulsett, slik at folk kunne vite kva dei skulle kjøpe for å få ned vekta på sykkelen sin. Og sjølvsagt eit forum der «vekt-galningane» kunne dele røynsler med likesinna.
I racersykkelverda der påkjenningane på sykkelen ikkje er like store som i terrengsykling, har syklane no byrja å nærme seg 5-talet. Terrengsyklar har eit stykke att, men Cannondale sin toppmodell i Flash-serien er vel om lag 7,5 kg med ei karbonramme utan vektbegrensing, 110mm dempegaffel, og flex i baktriangelet!
Legg att eit svar