Det beste provet på at ein er blitt det som i psykiatrien går inn under diagnosen hakkande galen, er når ein tek til å vege sykkeldelane sine på digital kjøkenvekt. Helst ei som er så nøyaktig at går ned til 0.1 gram. Vel, mi kjøkenvekt går ned til 1 gram, og det er førebels godt nok for meg. Førebels… Faste lesarar har fått med seg at tida er mogen for revisjon av (les kjøpe flunkande nytt, som eg strengt teke ikkje treng..) drivverket på sykkelen min. Eg har tinga ny krank med integrirt lager frå Kcnc (designed in UK, machined in Taiwan. Trass i at dei har kverna ut prototype og idé i England, er det altså rimelegare å sende cnc-maskina til Taiwan, slik at lægre betalte arbeidarar kan trykkje på knappane og pakke ned det ferdige produktet. Økonomi er vanskeleg, som Jon Hustad plar seie), og kassett frå SRAM. I tillegg har eg liggjande ikkje mindre enn to kjeder (ubrukte og i originalemballasje, frå eit tidegare storinnkjøp frå Sverige). No må eg berre skaffe meg eit kranklagerfesteverkty, så er det klart for montering.
Dei som har litt kjennskap til sykkelen min, vil kanskje stille kritiske spørsmål til vektreduksjonen, då eg har ganske tunge hjul og dekk. Styre, setepinne, gaffel og pedalar er heller ikkje av lettaste sort, så sjansane for å få ein lettvaktar er nok heller liten. Men eg drøymer om noko større der framme.. Ny sykkel.. Og då er det ikkje så dumt å ha ein «delesykkel» med litt hi-end-utstyr.
750 gram inkludert lager, spacers, boltar, festeskruer og ei lita tube med Mystical P-1100 Metallo-Organic Complex!
Du kan drømme du, Baktus-bror. Ny sykkel, du liksom.
SRAM PG980-kassetten min skulle i følgje Weight Weenies vere 275 gram…