Vêret har vore strålande, og med utsikter til sol og varmt på måndag med fri, pakka A og eg sykkelhengar og styreveske med vått og tørt for ein tur ned Raundalen. Nsb gjer sitt ytterste for at ikkje syklistar skal ta toget (eller ha det greit på toget), men vi let oss ikkje stogge. Heldigvis var toget berre halvfullt, så vi fekk vere med. Vi fekk beskjed om at vi hadde sett oss i feil vogn, då plattforma på Upsete er for kort til heile togsettet. Nsb tok seg heldigvis bryet med å køyre litt lenger fram så fekk kome oss av. Då det ikkje er noko oppslag om dette på stasjonen på Voss eller på nettsidene, kan syklistar i framtida også pårekne kjeft for dette. Men snart er det sumarsesong, og då er syklistar ikkje velkomne anna enn med toget 0830 frå Voss.
Cool kid på Upsete.
Mest unnabakke heldigvis. Maksfart: 57 km/t. Litt for mykje telehiv for dei store rekordar.
Vegen smal og porten trang.
Matpause ved Raundalselva på Eggjareid. Skjeve, banan og lade, og vi var lada for meir autostrada.
Attende på Vangen. Vi feirar målgang med eplekake og kaffi på Stationen. Kjempetur, berre litt solbrend på det sørvende kinn..
Neste gong vil eg vere med!
Det såg jammen kjekt ut! Kva sykkelhengar har du? og er du nøgd med den?
Vel, vi har Croozer One Kid, eller noko slikt men no heiter modellen 737 (neidå den er ingen jumbojet). So langt godt nøgd. Prisen var grei. Kan gjerast om til trillevogn med svingande framhjul eller joggevogn med fast stort framhjul. Har ikkje prøvd joggefunksjonen, men det er ikkje så store instillingsmoglegheiter for handtaket, så om ikkje høgda stemmer med der det er naturlig å ha hendene under jogging, så er det litt bortkasta. Synest at framhjulet svingar litt tregt eller har hengt seg opp litt, og denne konstruksjonen er noko enkel, men det har vore veldig nyttig ein del gonger å kunne gjere vogna om til trille. Kjekt med bagasjerom bak til matvarer, klede eller turproviant. Den slåast saman for transport i bil, men ho vert ikkje akkurat liten. Stasjonsvogn er å føretrekkje.
Framleis godt nøgd med vogna, men er spent på kor lenge ho held før noko må skiftast. 5 km med traktorveg i starten på rallarvegturen var vel ikkje det beste…
Dette såg verkeleg kjekt ut! Ei oppleving Aili vil snakke om lenge, vil eg tru. Slike utflukter set gode spor i barnesinn, og er eit godt føredøme for andre fedrar. Slik funderer ein aldrande bestefar.
Møtte de Ragnar Hovland, forresten?
57 km/t – er det trygt med sykkelhengar og norsk vegstandard? Elles ein inspirerande tur.