På byrjinga av 2000-talet var eg blitt så interessert i å fotografere at eg begynte å kjøpe obskure fotoapparat både på tvilsame nettsider og frå privatpersonar i Spania, Austerrike og Russland. Det sikraste var nok allikevel å kjøpe av Endre i Strømgaten. Endre var flink til å få god pris og han likte å prøve mange rare og spanade kamera. Minolta CLE vart lansert i 1980 og vart til etter eit samarbeid med Leica med forgjengaren CL. Rammesøkarkamera har etter suksessen med spegelrefleks, levd eit liv litt på sida av rampelyset i fotoverda. Utan autofokus og automatisk framtrekk vart det nerdane sitt domene. Fram til eg gjekk over til digitalt hausten 2007, var dette ein god arbeidshest.
Etter litt press i heimen om å skaffe videokamera for å dokumentere veslejenta sine rampestrekar, vart det nylig skaffa eit nytt apparat. Panasonic DMC GF1 er eit digitalt fototapparat med videofunksjon. Mindre enn eit spegelrefleks, men betre enn kompaktkamera. Med stor sensor, 12 Mpixel, utskiftbare objektiv og muligheit for å setje på søkarar og blitz, minner det litt om gamle CLE. Litt mindre, men utan innebygd søkar. Objektivet som sitt på er eit 20mm, som med sensorfaktor 2x gjer at dette er eit 40mm med lysstyrke 1,7. Mykje likt Summicron-C 40/2 som sit på Minoltaen.
Dersom alt går som det skal er det i skrivande stund ein liten metalring på veg med posten frå Junaiten, som gjer at det 30 år gamle objektivet kan brukast på GF1.
Legg att eit svar