For ein militærnektar som ikkje går på jakt, er det ikkje ofte eg er i situasjonar der eg kan ta liv. Eg har jo sjølvsagt teke livet av mange fiskar, men avlivinga er på ein måte ein del av det å fiske. Heime på kjøkenet i dag fekk eg to liv på samvitet då eit par hummarar skulle i steikepanna. Vi hadde invitert eit par gjester på lammefrikassé, men då eg på kort varsel fekk sjansen til å kjøpe eit par hummarar, fiska på Bømlo av borna til ein kollega (!), takka eg ja. Så då vart det forrett. Men fyrst måtte dei drepast. Hummar, sjøkreps og anna sjømat lever i havet ved låge temperaturar, så etter døden vert dei fort dårlig. Difor er det best om sjødyra får leve heilt til dei vert sjømat.
Avlivinga gjekk greit, og hummarhalane slutta ikkje å sprelle før dei hadde steikt i fem minutt! Snakk om ferske råvarer. Kokte ut panna med litt kvitvin og fløyte. Rørte inn nokre terningar kaldt smør og serverte med Ingeborg sine fine foccacia. I glaset: Chablis Grand Cru Les Clos 1997 frå J. Moreau & Fils. Fullmogen, sjøprega med ein kjerne av frukt og syre. God til hummaren.
Etter ein durabelig porsjon lammefrikassé og is med plommesyltetøy, var kjøkenbestialitetane komne på avstand og ungane såg heller ikkje ut til å ha teke nokon skade av opptrinnet.
Legg att eit svar