Ein av mine fyrste utanlandske vener var ein finne. Eg visste ikkje på den tida at han var finsk, men det fann eg ut litt seinare. Vi hadde samanfallande interesser innanfor bygg, anlegg og transport, og leika saman tidt og ofte. Dersom det ikkje hadde regna på mange dagar, så var det ikkje like kjekt. Men det var sjeldan noko problem, eg kjem frå Førde på Vestlandet. Etterkvart vaks vi litt frå kvarandre. Eg byrja med fotball, medan han held seg i sanden. Eg fekk også ein del nye danske vener, med merkelige namn som 6016, 6990, 8852 og 5510.
No har dotter vår treft att min gamle finske ven, og det ser ut til at dei finn tonen. Dersom vi får sand i kassen utanfor huset, kan det nok hende at far også blir med i leiken.
Plasto, gamal slitar i fin form.
Det fyrste eg tenkte på då eg las dette, var at dette kunne bli ein god start på opningskapitlet i ein roman.
Eg skriv ikkje romanar far, men bloggar. Uff, dagens ungdom.. Nokon vil kanskje hevde at eg i dei seinare år har fått meg litt for mange nye utanlandske vener med dobbeltnamn som Charlopin-Parizot, Mugneret-Gibourg, Zind-Humbrecht, Meo-Camuzet og Emrich-Schönleber. Men dei er gode til sitt bruk.