Nye generasjonar som veks til har gjerne sin eigen humor. For ei stund sia var det ironigenerasjonen som regjerte, men han vart fort avsett (i allefall dei medlemmene som nytta bokmål) då dei ikkje tok ironien til Kjartan Fløgstad. Her i heimen har vi sett til verda starten på ein ny generasjon, og det kan virke som det er practical jokes som er kjekkaste for tida. I samband med ein klesvask av ulike klede, mellom anna finskjorta mi som eg kjøpte på Ricco Vero i fjor sommar, hadde A putta ei appelsin inn i vaskemaskina. Appelsiner har om lag same form og storleik som desse vaskeballane som var så i vinden for nokre år sidan, men effekten er ein heilt annan.
No skal eg prøve vaske skjorta mi ein gong til, utan vaskeappelsin, og sjå om den gule påskeflekken blir borte..
Gult er kuult! (Men ikkje som vaskeball)
Den frøkna der må dere passe på! Plutselig slår hun til igjen, og hvem vet hva det da kan være… Smelta sjokolade på innerlomma? Åpen fyllepenn i brystlomma? Bananskall foran senga en tidlig og trøtt morgen??
Hvordan gikk det med skjorta? Kan man få erstatning? Fra barneforsikringa f.eks…
Skjorta vart nesten rein, så eg sparar forsikringsutbetalinga til ho finn på noko verre. Denne vert berre trekt frå framtidige vekepengar.