Veslejenta veks til og tida tikkar. I dag er ho eitt år! Det vart kaker frå morgon til kveld, og ho var så gira at ho droppa ettermiddagssovinga.
Både mor og far hadde baka kaker og klokka tre byrja gjestene å strøyme på. 14 personar var vi til saman med smått og stort, og det er lengje sidan vi har vore så mange i stova vår. Det tilreisande frå andre kommunar, psykologar, kulturarbeidarar og ingeniørar. Folk frå skulevesenet var med og nokon med arbeid i skjæringspunktet mellom kunst og it. Opp til fleire hadde sitt verke innanfor juss, og så var det underteikna som framleis held seg i hotell- og restaurantbransjen. Med andre ord; mykje godtfolk og god stemning.
Hovudpersonen fekk prøvd nokre av gåvene, men vart etterkvart litt trøytt. Då var det godt å få slappe av i armkroken til ein psykolog eller musikar, før Drømmehagen kom på skjermen som siste post på programmet.
Eitt lys for Aili. GRATULERER!!
Kjekt med så mykje intelligente menneske på ein gong, det mangla vel berre nokon frå primærnæringane. Det er viktig med god påverknad frå «the very beginning».
Til helga kjem me og smakar på restane frå selskapet.
Det er dessverre lite restar att frå selskapet. Men vi kan kanskje lage noko nytt?!