I tillegg til bursdag og 14 dagar perimisjon har eg i januar fått lese ein del bøker. Faktisk ti stykker, ja heile serien til Gert Nygårdshaug om Fredric Drum, som byrja med Honningkrukken i 1985 og vart avslutta med Rødsonen i 2006.
Fredric Drum driv ein liten restaurant i Oslo med fleire stjerner i Guide Rouge. Han er også dechiffreringsekspert og driv og tyder gamle skriftspråk på fritida. Dette gjer at han stadig viklar seg inn mysterier på reiser rundt i verda. Det vert konsumert mykje god vin i desse bøkene, men det er ikkje så lett for lesaren følgje med på alle referansane (smaksmessig altså), med mindre du eig ein velfyllt kjellar med Bordeaux frå sytti- og åttitalet..
Myseriene Drum rotar seg inn i har røter i røynda og ein får grundig info om både dulgde katolske brorskap, pyramidane i Egypt og undergangen til Mayakulturen. Det er spanade og velskrivne bøker, men som fagmann innan det gastronomiske er det av og til eg lurer litt. Til dømes vert restauranten til Drum, Oslo sin beste, store deler av tida bemanna med nesten berre lærlingar. I ein av bøkene er motivet for ugjerningane at nokon vil tene store pengar på ein vin (i Bordeaux) som er naturleg gjæra til 17% alkohol. Eg tvilar litt på at ein slik vin ville vorte ein storseljar. Det er få raudvinar med ein slik alkoholstyrke (det finnst vel nokre Amarone- og zinfandelvinar) som er balanserte, eller i det heile drikkande.
Dei ti bøkene kan lesast kvar for seg, men det er også ein historie og utvikling av karakterane Drum og hans onkel Skarphedin Olsen gjennom bøkene. Denne er etterkvart i seg sjølv eit lite mysterium, og ein grunn til å få med seg alle bøkene kronologisk.
Er du det minste interessert i litteratur, krim, gastronomi, vin, mysterier eller kanskje alt dette, kan eg tilrå desse bøkene på det grovaste.
Må seie eg er ikkje så reint lite imponert over leselysta og over valet av sjanger. Ikkje berre Hardy-guttene og Tommy & Tiger’n der i gården, altså!
Du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg fyljer denne anbefalinga.