Vi arva nokre peng etter Guro, og vi tenkte kanskje at vi skulle kjøpe noko kunst. På ein tur heime i Sunnfjord undersøkte vi om det var noko å få kjøpt av den ikkje heilt ukjende Oddvar Torsheim, original, lokal helt og 70-årsjubilant. Det var ikkje så lett, men han skulle ha ei utstilling i Oslo om ikkje lenge, der det skulle vere ein del bilete til sals. No i helga var vi i Oslo, og jammen vart vi etter kvart samde om å kjøpe ein akvarell frå 2003 som heitte «Heim, kjære heim». Dersom de har sett dette bilete, skjønar de sikkert at det ikkje var utan ein viss debatt at vi faktisk kjøpte dette bilete.
Dersom de er i Oslo kan de sjå dette og andre Torsheim-bilete på Galleri Tonne i Kristian Augusts gate 12, fram til 16. november.
Høyrest ut som ei god investering.
Ja, mor og eg var på det nemnde galleriet i Oslo i går saman med gode vener og bisna på dei fargesterke, minimalistiske strekane. Likte godt «Erta, Berta, sukkererta» m.a. Men det vart ikkje noko kjøp der og då.