I dag var eg ute og trilla med Aili. Fotoapparatet var med, men det flate lyset innbaud ikkje til storstillt knipsing. Ved Kvarteret fekk eg eit slags motiv i søkaren og trykte av. Ei dame kom forbi og lurte på kva eg tok bilete av.
Ved sida av denne tomme tavla var det ein einslig teikna plakat. Ho lurte på om det var eg som hadda teikna han, men eg svara nei. Då eg hadde pakka ned fotoapparatet sa dama; Du ser litt alternativ ut, vil du kjøpe Gateavisa?
Eg er litt usikker på kva som var så alternativt med meg? Eg kjekk i relativt moderne reine klede, trilla ei helt vanlig barnevogn. Det var vel at eg knips denne tavla, då kanskje?
men eg lurer sjølvsagt på: kjøpte du Gateavisa??
Niks. Eg vart heilt forfjamsa av spørsmålet, slo inn på autopilot, og takka høfleg nei til tilbodet.