På `an igjen. Denne gongen på Håholmen nord for Molde, eit steinkast ute i Atlanterhavsvegen. Ein strålande dag på ein finfin plass. Møre og Romsdal flørta vilt med oss, og vi let oss begeistre. Sjøkreps, vågekval og breiflabb vart servert og i glaset fekk vi Hugel Gentil og Chablis frå J. Moreau & Fils. Slett ikkje verst.
Vi køyrde frå Førde på fredag og hadde ei natt på The Beach, i husværet åt H&A. Takka so mykje. Flott utsikt, men golvet gynga faretruande under ei gjennomkøyring av I sitt jympapass. Trass i at ferjene i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal no er slegne saman i Fjord1-konsernet, har dei ulike måtar å ta betaling på.
Det vart etterkvart kaffi og kaker, men overraskande lite kaker, når ein tenkjer på at det var ein god del sunnmøringar til stades. Skodespelarane gjorde heller lite av seg og det vert litt trekk for det.
Atlanterhavsvegen.
Nokon passar på i havgapet.
«.. ein forliste drøm frå eit somargrønt land.»
Mary McKear er hard på flaska.
Det var mange om beinet, og det var berre å stille seg i kø etter offisielle og halvoffisielle fotografar.
Det vart forsøkt med ymse lukkartider, blendarar og «avalable light». Til slutt vart det noko mørkt, og eg måtte ty til lett blitzing.
Legg att eit svar