Endelig! No har det vore ei heil veke med sol og fineveir, snøen smeltar og våren er kanskje rett rundt svingen. (ein veit aldri her nord..). Om 15 dagar er det midnattsol og det er berre å leggje klar Mosel- og Chablisflaskene i kjøleskåpet. Eg kjem nok til å ta fram sumarjakka i laupet av dagen og vinterhua er bytta ut med solbriller og ipod.
I byen er det russ i alle fargar og vasspumpegevær større enn nokon gong. Det er raud mot oransje, svart mot raud, blå mot småungar og alle mot alle. Det er livsfarlig i gatene og butikkeigarane er vel sånn midt på treet misnøgde med heile greia.
På det personlige plan kan eg nemne at me flyttar sørover om mindre enn ein månad. Det vert nok rart og litt kjekt og, sjølvsagt. Dei som reknar seg som våre vener i Bergen ™ bør kjenne si besøkingstid og stille på Hurtigruteterminalen på Nøstet når lasset kjem.
Vi har hatt og skal ha mykje besøk, og eg begynner å bli litt lei confit de canard.. Elles har eg fått mms frå far min i bar overkropp på ei strand i det nordlige Italia. Meir er det ikkje å seie om det, utan at det vert psykologmat..
Skjønner det er stas med vår nordpå. Det er det faktisk her sør og. Det skal bli kjekt når de kjem sørover. Men eg har så lyst på eit blide eller to av prinsessa. Kan du ordne det?
Kjøpte forresten vottar til ho idag!!! Det gjeld å vere tidleg ute.
Er litt usikker på kor sterkt dette varmerket du refererer til er, men eg stiller iallfall med Corollaen og den er som kjent sterk som ein bjønn.
Vener og psykologar står klar når dåkke kjem, berre gi oss tidspunktet! (og helst ikkje kræsj med heimeeksamen, nattjazz og G+I sin babyting).
Kjekt de endeleg tar turen syd att. Er nok ikkje å treffe på kaia, men berre eit framtidig lyntog unna..