Den nye kvardagen ™ har hardt og brutalt slått rot i heimen. Full pupp, fulle bleier og fullt sirkus. Heile natta. Aili held foreldra i full vigør, men innimellom vert det tid til å knipse nokre bilete.
Pink girl
Dagens grimase
Sinte bjørn
Lua på snei. I dag var vi på fyrste køyretur med bil og bilsete. Det gjekk bra. Ho skreik berre fram til sentrum.
Ingenting nytt under sola, med andre ord. Som far, så dotter. For 29 år sidan var eg i ein liknande situasjon. Den dåverande babyen hadde kolikk, ikkje berre nokre dagar eller veker, – men heile 4 månader! Det vart mange og lange timar rundt og rundt på eit nokså avgrensa areal med bæring av ein skrikande liten bylt med mageknip……
Fine bilete! Med litt trening utviklar du ein fin teknikk å lese pocketbøker mens du likevel går og vaklar i ring i stova..
Sinnataggen har fått ei lillesøster, ser eg. Men ho kjem vel ikkje på sokkel, heller ikkje i Fjorden.
Det ser ikkje ut som ho skjønar heilt kor ho er. Har du prøvd å forklare med kart?
For ei ven jente. Såg veldig våken og voksen ut på eit vis. Forresten: skrikarungar kan bli bra dei og (Les: eg hadde kolikk).
Eg óg vil ha bjørnedrakt… Trur du det er mogleg å få tak i ein i min storleik? Kvifor er det berre ungar som får ha klede med øyre på?
Du får kjøpe deg nokre lausøyre, Ã…got, så kan du sy dei på alla dina byksor og strumpor.