I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.
Nokon som gjenkjenner denne gensaren?
Med broddar og fire hjul i svingen. HMS i praksis.
vottar? betre at ho herdast no med det same..
Navn og greier? Så kjekt! Aili er sjeldent og fint!
«Gensaren» verka kjend, i gamle dagar heite det blondeskjorte, du brukte den då du var på størrelse med Aili. Trur den opprineleg kjem frå Masfjorden, arva frå Randi og Bjarte, ei retro- skjorte frå 70-talet!!
– mor/bestemor –
Aili! SPenstig navn. Etter å ha smakt og smatta på navnet ei stund sit eg igjen med ein god ettersmak! Finfint!
No kom eg på at eg hadde håpa på Chanel, men Aili er kanskje vel så fint…
Jau, grattis med Aili. 🙂 Flott namn og søt jente.
fint navn til søt jente. Gode greier
Flott namn! No kjenner eg to! Har eit søskenbarn som heiter Aili. Skal tru om det er tilfeldig at også hennar foreldre budde nordpå og jobba som lærarar etter endt utdanning?
Nei, E, eg ville nok ikkje vedda nyrene mine på at det er heilt tilfeldig. Litt påverka blir ein jo av å bu her. Med dei nye liberale namnelovene kunne vi kanskje kalla henne Supa Brennvin, men det var ikkje eit alternativ..