Ja ja, så skal verda ikkje stå til påske i år heller. Arildguten, kjend frå bloggen sin og frå Cafe Spesial i middagstider i nærleiken av blondiner og pizza, har no snudd 183 grader (eller vorte meir «nyansert»?). Film og emulsjonsnektaren gjer retrett og ønskjer no å fikle med CLE-en min og skanne og greier og greier. Vel vel. Eg har hatt skannaren ei stund utan noko nemnverdig resultat. Men no fekk eg det til. Her kjem eit par bilete frå sumaren, og turen til Tokaj.
Slike druer vert etter overmogning og hjelp frå soppen Botrytis Cinerea til..
.. slik vin i lekre flasker. Beggje bileta er frå eigedomen Disznókö.
Hei Johnny, eit par observasjonar.
1. Eg veit ikkje kva som er mest sjokkerande, at eg flørtar med gamle flammer, eller at du fekk til skannaren på Mac´en..
2. Om du skal kunne meske deg i.. (usikker på nett kva), må du faktisk få sendt skanner (og preferabelt kamera i posten), fram til det skjer skjer det ikkje noko her.
3. Du kan mykje om vin.
Yo A!
1. Er det gamle flammer? Og eg har som du ser ikkje «cracka» skanneprogrammet.. Men ein liten siger var det å få i gang litt skanning.
2. Det vert lite mesking, men eg kan nok sende herligheitene i posten om ikkje alt for lenge. Summicron eller Rokkor?
3. 😉
Ah, du har to 40mm! Næh, det er det samme det (men om du først skal sende kan du godt leggje ved 21mm òg, om det ikkje er for mykje hassel).
Er det vuescan du brukar? Kva versjon (kan hende eg kan finne noko)
Hmm.. klart eg kan slengje ved 21mm og. Gode minner om tida for ekstreme vidvinklar og småting i framgrunnen.. Snart sit eg vel oppe og browsar cameraquest.com til langt på natt. Argh! Eg har jo nett gått digitalt! Curse you A!
Vuescan ja, men må heim å sjekke versjonen.
PS: kva skal ein med mail når ein kan kommunisere over kommentarfelt i blogg?
apropos cameraquest, ny 35/1.4 på veg! (om berre Cosina slepp ein digital RF så er alle nøgde.
Mail? Eg har sletta mailkontoen min for lenge sidan!
Vuescan versjon 8.4.56, stemmer det?
Digital RF? Eg har høyrd at den neste Leica M vert pinhole!
LoL
Dette var moro! Ein slags chat her…hehe! Jasså skal CLE-en (ein gong min, som dei fleste andre kamera i verda) Har lenge vurdert å prøve å lage ei liste over kamera eg har vore eigar av, men trur ikkje det går…. Elles skulle eg gjerne hatt ein CLE med fullframebrikke i, men med eksponeringslås…den einaste store mangelen eg meiner CLE-en har. Var inne å luska på storformatkofferten på jobb i dag….
Steike, her kommuniserast det. Eg trudde ikke LoL var lov til å skrive når ein hadde bikka midten av tjueåra…
Ja ja E, når du hadde hatt CLE-en din med fullframe og EV-lock så hadde gått femten dagar så hadde du seld han for ein digital mellomformats Rollei og eit OM-adapter med motsette gjenger og innebygd telekonverter.
Til Andreas; eg var litt usikker på det der med LoL, men eg er no ein slik som hoppar i salaten heller enn å brenne inne med gode poeng. Dessutan er det utbreidd blant likemenn på wineloverspage.com/forum som er både 40 og 50 år gamle.
Eg vil ha ein fullframe Hexar AF! No!
Eg synes du skal prøve å lage ei liste, E. (storformat seier du? Eg kjøpte nesten ein epson 3200-skanner i går)
Eg synes du skal passe deg litt, H., Goebbels starta på wineloverspage.com med eit uskuldig lol, og sjå kva det vart av han.
Nåja Arld, Pinochet ville også ha fullframe Hexar, og sjå korleis det gjekk med han!