Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at det ytre er i fritt fall, så sprengjer ungdomen innanfrå. Eg kunne sagt mykje om mine bragder til no i livet, men det vel ikkje så mykje som ikkje allereie er skrive i bøker og aviser.
Eg vil gjerne få gratulere Ray Manzarek, Haruki Murakami, Mel C, Amerie og Cato Zahl Pedersen med dagen!
Frå fjorårets feiring. Mel C og Murakami kunne ikkje kome då heller, pga tåke på Gardermoen.
Eg ventar spent på eit foto frå årets feiring, for å sjå korleis forfallet tek seg ut.