Eg les i Dag og Tid av Liv Signe ikkje trur på lyntog i Noreg dei fyrste tjue åra. Jaja, vi får no sjå. Har ho høyrd for mykje på sogningen og busselskaren Idar Mo? Ja somme tider kan ein bli litt frustrert over vesle treige Noreg som ikkje får til noko som helst, og lener seg avslappa på oljen. Vi har i det minste ei stabil regjering. Ok, vi har i det minste ei regjering. Det har dei ikkje i Belgia. I dag er det 161 dagar sidan valet og dei har framleis ikkje blitt samde. Dette er ny rekord i dette vesle og litt underlege landet. Trass i at dei har ei ganske grotesk fortid som kolonimakt på det Afrikanske kontinent som dei ikkje har orsaka, trass i at landet er bitte lite og nesten delt mellom to sterkt rivaliserande folk, trass i at ein del av landet ligg under vatn, har dei klart å karre til seg det meste innan EU inkludert Europaparlamentet og NATO-hovudkvarteret. Belgia ligg heilt klart svært høgt på rangeringa over rare land. Eg kan avsluttningsvis ta med nasjonens motto: Eendracht maakt macht/L’union fait la force, eller på norsk: Semje gjev styrke.
Belgia vart i tidlegare i haust lagt ut for sal på Ebay. Du kunne få heile landet for ein euro, men det var ikkje å anbefale..
Eg kjenner ingen frå Belgia, eg har ikkje vore der og eg trur ikkje eg eig noko soim er laga der. Like vel er eg enig i at det er eit svært rart land. Er det ikkje rart?
Eg kjenner ein kar frå Belgia, men eg er litt usikker forresten. Usikker på om han er frå Belgia eller Nederland. Har hatt han på norskkurs i Førde ei kort tid, skulle trena han i munnleg før eksamen i Florø no i november. Han greidde seg visst bra og fekk godkjend karakter. Vernepleiar av yrke, hyggeleg kar i 30-åra. Han sa han hadde budd i båe dei nemnde landa, men har ikkje spurt om kvifor han flytta frå det eine til det andre. No bur han i alle høve i Noreg, i Førde, kona er sjukepleiar.
Hugsar du forresten han gode langdistanseløparen på skøyter som etter mange år for Nederland melde overgang til Belgia? Aldri før hadde vel Belgia hatt nokon deltakar i skeise-meisterskap…….
Nei, eg hugsar ikkje denne skeiselauparen. Men kanskje ein av brørne dine gjer det. Men eg hugsar godt då Johann Mülegg vart spanjol. He he, og sjå kor bra det gjekk med han. Han fekk drahjelp frå helsevesenet, men gløymde eit par konsultasjonar på psykiatrisk..
Bard Veldkamp heitte skeiselauparen. Og så har belgiarane gjeve oss pommes frites og Tintin. Ikkje så mykje meir. Trur eg.