Mine fyrste bilete på bloggen frå mitt nye fotografiapparat! På torsdag gjekk eg heim frå byen etter endt arbeid på kvelden. Eg såg at det var fint nordlys og skunda meg heim. Diverre var det meir spektakulært før eg fekk teke desse bileta, men det kjem nye sjansar. Bileta er tekne med stativ klokka elleve på kvelden med Nikkor 85mm f 1,4 @ f2, 30sek, ISO400, RAW+JPG fine, eller noko i den duren. Ingen etterbehandling bortsett frå forminsking i Irfanview.
Antenna er naboen si og det gule lyset kjem frå fakkelen på Melkøya.
Nordlys-stemningane bør få godkjend karakter, absolutt. Så får me heller godta det menneskeskapte lyset frå gassutvinninga. og gle oss over at Finnmark også får sin del av verdiskapinga. (Dette var kanskje ikkje heilt politisk korrekt, eller heilt etter miljørørsla si pipe?)