I går ettermiddag gjekk eg på badet for å dusje, og då eg kom ut att hadde vi fått levert lokalprodusert pinnekjøt på døra! Pinnekjøtet kjem frå Inger og Monicas Gårdsmat, som har sauer som har beita på Loppa og på Seiland. No kan jula berre komme.
Kunne dette hendt sørpå? Kor tid fekk du sist lokalprodusert pinnekjøt levert heim til deg?
Vi lagar det sjølv, så det heng på loftet i «stabburet» heime, så det så!
Ikkje dårleg! Eg gler meg.
Arg! De Nordfjordingar skal no alltid vere best! Kos deg med pinnekjøtet, men pass opp for botulismen..
Høyrtest fantastisk bra ut. Eg hadde ein plan om å lage fenalår i år, men det ser ut som om det rant ut i sanden.
Her heime kan me lesa om at det visstnok vert vanskeleg å skaffa nok lammesider til årets pinnekjøt. Men det er vel eit salstriks. Trur nok me skal få tak i det me treng, kanskje på Bondens marknad. Men det blir vel neppe levert på døra.