I dag kokte eg meg kaffi. Berre til meg sjølv. Dette gjer eg sjeldan eller aldri. Kona er som kjend på tjukken, og toler for tida ikkje eingong lukta av kaffi. Kaffidrikking er for meg noko sosialt, men i dag brygga eg altså berre til meg sjølv.
I gode gamle dagar (for 3-5 år sidan) var laurdagsfrukost og laurdagskaffien eit av veka sine høgdepunkt. Det foregjekk som regel i Skuteviken, der karane A og K held hoff. Eg hadde ofte med brød frå bakeriet eg arbeidde i, det var eit rikt utval av aviser og det var fårepølse, ost, syltetøy og majones. Det var diskusjonar, sjokolade og tøys og tull. Klientellet varierte litt frå gong til gong, og etterkvart kom det nye aviser på bordet. Møblane var gamle men greie, og frå høgtalarane kom det gjerne contemporary easy listening singer-songwriter-musikk.
Trøytt i blikket, kaffi på bordet og Josh Rouse på øyra. Ein typisk laurdags føremiddag for 5-6 år sidan.
Ein kopp kaffi kan vere så mangt. Eg hadde min første kopp for dagen klokka 0500 som eit ledd i eit prosjekt på å halde meg våken i akuttmottaket på Ullevål. Takke meg til aviser og nybakt brød!
Vi har oppjustert sitjefasilitetane litt, og gjerne luska til oss noko ny musikk – men elles er mykje ved det gamle. Det er berre å komme innom!
Takk for tilbodet! Det er best å ha ein 200g sjokkis liggjande, for ein dag kjem eg. Mange gode stunder i Skuteviken hadde vi i allefall. Og Skivebakken gjer vel nytten også.
Eg kokar kaffi til meg sjølv nesten kvar dag. Det går fint. Har ein av dei små espressokokarane som ein set på plata. Da får eg akkurat ein kopp. Anbefalast
He he jau, eg hugsar eg og kjøpte ein slik ein nymotens dings då eg budde inni Oslo. Men kvar han ligg no.. Har ikkje brukta han på årevis. Eg tykte ikkje det vart skikkeleg espresso. Det var nokon som nemde at slike ikkje gav nok trykk. Men kaffismak vart det no iallefall.