Ja, ryktene er sanne, eg har mot høge odds bevega meg inn i Den Nye Teknologien ™ og kjøpt meg meg digitalt spegelreflekskamera. Frå gamaldags emulsjonsbasert fotografering med manuell fokus, har eg no så mange funksjonar berre innan fokusering at eg nok må ty til instruksjonsboka ei god stund framover. Det er sjølvsagt moro å kunne fyre av utan tanke på kostnader, og med fullt batteri, 4GB minnekort, 5 bilete i sekundet og iso 100-1600 går det unna! Når eg får overført nokre av bileta til PC-en skal eg nok få poste litt meir i kategorien «Fotografert».
No er på hotell-weekend i nordlysbyen Alta og snart flyttar G og B sørover. Snufs..
Det måtte vel komme… Kva for eit kamera er det du les om?
Nikon D200. Kjekk sak på over 800 gram med moglegheit for bruk av gode gamle AI og AIS-objektiv.
Gratulerer! Skal bli spennande å sjå korleis det blir.
Nokre prinsipp kan vel brytast utan altfor skræmande følgjer. Eg venta berre på at sjølv du måtte gje etter ein vakker dag, sjølv om det tok si tid. No er eg spent på å sjå gode shots.