Ja, ryktene er sanne, i dag har eg nok ein gong gjort gatene her i Hammerfest til ein usikker stad å vere. Knut G stillte opp og sat som rettleiar i passasjersetet, medan eg tok meg av blinklys, clutch*, lys, ja kort sagt – eg køyrde bil! Det gjekk som det kosta etter vegane, og eg var før Noreg hadde slege Argentina 2-1, innom både Forsøl, Fjorden og fjerdegir. Eg klarte diverre ikkje å køyre ned nokon reinsdyr, men det kjem seg vel med litt øving. På Statoil i Fjorden kjøpte eg nye vindaugsviskarar til, hald deg fast – 152 kroner stk! Vi skulle noko vore litt framsynte å kjøpt dei på vår tur til Sverige.
Slik var det i vinter, men snart vert det andre bollar!
*Dette trur eg er fyrste gong i livet eg har skrive ordet clutch. Eg trur ein og kan nytte den norskare forma kløtsj. Norsklærarar eller andre meir eller mindre fanatiske språkvaskarar får rette meg om det ikkje stemmer.
Dette er også den fyrste postinga i den flunkande nye kategorien «Fotball og bilkøyring». Eg er usikker på om det vert mest fotball eller bilkøyring, men eg gler meg i allefall over ein ny og inspirerande kategori. I dag var det eigentleg planar om fotball, men så vart det altså bilkøyring. Du og du.
4. gir? Det må eg seie…
Viskarar til 152 pr stykk er ikkje uvanleg. Eg sver til typen Bosch då desse dei sel på Biltemaet ikkje held mål. Her vest kan ein ikkje viske med billeg skvip.
Nei, kanskje det ikkje var så verst kjøp allikevel? Her nord kan ein heller ikkje viske med billeg skvip. Men kor lenge held slike billege skvip?
Gler meg til fotball, og slit’an med nye viskarar. Når det gjeld det billige skvipet er det vel ikkje så mykje eit spørsmål om kor lenge dei varer, men meir at dei er skvip frå første visk.